FraktUnderHavet_500x750px.jpg
DATO TID TITTEL PRIS SAL SENSUR KATEGORI BILLETT
lau 31 okt 18:00 Frakt under havet - Teater Vestland 375 TEATERSALEN Teater Kjøp billett

Frakt under havet - Teater Vestland

Eddie Corbone nyt stor respekt i nabolaget og på arbeidsplassen. Saman med kona Beatrice har han oppdratt niesa hennar, Catherine. Eddie er ein overbeskyttande far, noko som for alvor kjem til overflata då familiekjenningane Marco og Rodolpho kjem ulovleg til landet, og familien tar på seg risikoen med å huse dei. Catherine og Rodolpho forelskar seg i kvarandre. Ulike kulturar kolliderer, og det utløyser angst og hat. Situasjonen endar med drap.

Handlinga går for seg blant italienske hamnearbeidarar i New York på midten av 1900-talet. Den frie immigrasjonen til Amerika er stogga, men nauden i Italia driv likevel mange til å reise over havet for å bli smugla inn. Dei illegale immigrantane blei kalla ‘submarines’, undervassbåtar. Det er forklaringa på den norske tittelen på stykket, «Frakt under havet».

Tittelen kan også ymte frampå om at flyktningar og migrantar har med seg noko meir enn det som reint fysisk blir lagt i reisekista. Dei har med seg ein heil kultur, og dei blir ofte ståande i spennet mellom å halde på eigne tradisjonar og å ta opp i seg nye. Stykket fortel noko viktig om det å vere ny i eit land. Vi lever i ei tid der millionar er på vandring, og der utnytting av billig arbeidskraft og misbruk av folk er så daglegdags at vi knapt reagerer på det.

«Frakt under havet» er ein av dei store, amerikanske klassikarane frå 1950-talet, skriven av Arthur Miller. Stykket er sett opp fleire gonger i Norge, både på teater og fjernsynsteater. På Teater Vestland blir dette ein storslegen produksjon med sju skodespelarar og to statistar på scena.

AV Arthur Miller
OMSETJING Ola E. Bø
REGI Bentein Baardson
SCENOGRAFI OG KOSTYMEDESIGN Siri Langdalen
DRAMATURG Bodil Kvamme
LYSDESIGN Krystian Myska

MEDVERKANDE:
Kyrre E Ottersen
Reidun Melvær Berge
Idun Losnegård
Torfinn Nag
Joakim Thrane
Torgeir Reiten
Lars Sørbø

 

DATO TID TITTEL PRIS SAL SENSUR KATEGORI BILLETT
lau 31 okt 18:00 Frakt under havet - Teater Vestland 375 TEATERSALEN Teater Kjøp billett