nettsida.jpg
DATO TID TITTEL PRIS SAL SENSUR KATEGORI BILLETT
må 28 okt 19:00 Frikar - GotoGuta 175/375 STORSALEN Arrangement Kjøp billett

Frikar - GotoGuta

må 28 okt19:00175/375

Kjøp billett

Frikar - GotoGuta


GotoGuta - Fysisk trio om kroppskontakt og gruppedynamikk mellom gutar

Akrobatikkalarm! FRIKAR er tilbake med ny, spenstig framsyning! Kva fordreiv dei tida med før mobilen kom? Kva gjorde budeiene når gutane var i bygda og gutane når jentene var i fjøset? Kva gjorde kjedelege stunder til kreative stunder?

I Gotoguta, som tyder gutar frå ei «goto», får du hallingversjonen av «Backstreet boys» ... og slik oppstod «hulling». GotoGuta er ein leik med tradisjonar og konvensjonar mellom tre av dei flottaste tradisjonsdanserane vi har i Norge, og hardingfelemusikar som medverkar aktivt på scena. Framsyninga formidlar danseglede og briljerer med imponerende og krevjande moment i hallingdansen. I tillegg visast ein meir øm side enn kva ein forventar av den tradisjonelle folkedansen.

Framsyninga utfordrar konvensjonane rundt mannleg fysisk samhandling som hindringane i forhold til nær fysisk kontakt, ein nedarva angst og klønethet mellom menn. Dette innbyr til lett komikk og muligheten for å kjenne seg igjen.

Sjanger: dans, musikk, kulturarv, folkemusikk og -dans, hardingfele, akrobatikk, scenekunst

All foto: Pål Laukli

 


Medverkande:
Kunstnerisk leiar: Hallgrim Hansegård
Medskapande danserar: Ådne R. G. Kolbjørnshus, Vetle Springgard og Hallgrim Hansegård

Medskapande musikarar: Andris Hemsing og Erlend Apneseth
Dansarar: Jon Bugge Mariussen, Håkon Håvelsrud Odden og Nikolaj Bo Fischer Nilsen og musiker Erlend Viken

Dramaturg: Célestine Hennermann

Lysdesign: Horst Muhlberger

Lyddesigner: Herman Kvelprud
Kostymedesign: Hallgrim Hansegård/Sylvia Denais

Co-produsenter: Førde Traditional and World Music Festival, Riksscenen og Fjelldansen Finansiert av Oppland fylkeskommune og Valdres. Forprosjekt og gjenopptakelse er støtta av Kulturrådet

Målgruppe: 5-100, kvinner og menn. Men særleg egna for aldersgruppa 13-19.

Aldersgrense: Ingen
Lengde: 55 min utan pause
Sjanger: dans, musikk, kulturarv, folkemusikk og -dans, hardingfele, akrobatikk, scenekunst

 Anmeldelsar:
“I GotoGuta merkar vi at energien som flyt mellom dei som er på scenen, utfordrar oss. Det er både svært kjenslevart og fullt av kraft og humor.” - Folkemusikk

"Korleis er fysisk kontakt mellom gutar annleis? Med GotoGuta ynskte eg å laga ein kraftfull trio som leikar med gruppedynamikk og stereotypiske forventningar til fysisk kontakt mellom gutar." - Hallgrim Hansegård, kunstnarleg leiar

“Tender, powerful and acrobatic. In GotoGuta the energy that flows between the performers challenges us. It is both very sensitive and full of power and humour. It is good to see men behave in this way, with such a great breadth of expression." - Marianne Lystrup, Folkemusikk

 

Kunstnarar:
Hallgrim Hansegård er ein norsk koreograf, dansar og gründer, kjent for modige og leikne prosjekt på tvers av fysiske, mentale og kulturelle grenser. Han har gjort den relativt ukjende, lokale dansetradisjonen halling dagsaktuell gjennom verdsomspennande dataspel, tv-program og scenekunstproduksjonar.

Verka hans er framført i meir enn 30 land, sensurert av den katolske kyrkja i Italia og sett av meir enn 100 mill på YouTube. I 2006 etablerte han FRIKAR, eit dansekompani som skapte nye moglegheiter og arbeid for dansarar innan halling, break dance, capoeira og nysirkus. September 2017 vart Hansegård som fyrste koreograf nokonsinne tildelt Andres Jahres Kulturpris.

DATO TID TITTEL PRIS SAL SENSUR KATEGORI BILLETT
må 28 okt 19:00 Frikar - GotoGuta 175/375 STORSALEN Arrangement Kjøp billett

Frikar - GotoGuta

må 28 okt19:00175/375

Kjøp billett