nettside.jpg
DATO TID TITTEL PRIS SAL SENSUR KATEGORI BILLETT
ty 03 des 18:30 Hanne Tre Tenorer....og et stjerneskudd! 565 STORSALEN Show Kjøp billett

Hanne Tre Tenorer....og et stjerneskudd!

Hanne & Tre Tenorer

  ….og et stjerneskudd!

 


I år er det 10 år sidan Hanne Krogh lanserte sin originale juleturne-ide med å la nasjonen sine største stemmer fritt og storslagent boltre seg i musikkens store klassikarar og vakre julesongar. Kombinert med varm, klok og slagferdig formidling av jula sitt bodskap, har Hanne &Tre Tenorer utvikla seg til å bli blant norsk kulturlivs største suksessar. Jubileet feirast med originalbesetninga, tre av våre framste operatenorar gjennom alle tider, og årets musikalske stjerneskot, formidable Anna-Lisa Kumoji.

Anmeldarane sine seksarar har trilla tett som snøkrystallar over dette ensemblet, og både publikum og presse har henta fram dei heilt store orda: «Den perfekte julekonserten», «Tidenes beste julekonsert», eller då Fædrelandsvennen begrunna sin sekser med: "«Hanne Krogh gav oss julekonserten alle andre julekonserter vil måles etter.»

Til jul kan publikum oppleve eit nytt show kor songprestasjonar i verdensklasse kombinerast med humor og moro.

 

 

Artistar: 

Hanne Krogh.
Thomas Ruud, Statsooper Stuttgart og Statsooper Hannover, hovedroller over heile verda, seinast i Singapore og Bangkok.
Marius Roth Christensen, solist på Den Norske Opera, hovedroller i Irland og Danmark, medlem i rockebandet Seigmen (som gitarist), og fast «You Never Walk Alone»-songar på Ullevål Stadion.

Nils Harald Sødal, solist på Den Norske Opera, hovedroller på blant andre europeiske operaer, Semperoper, Dresden.
Anna-Lisa Komuji sjokkerte ein samla musikkbransje då ho i TV-programmet "All Toghether Now" sang med eit trøkk som ville gjort sjølv Tina Turner misunneleg.  Anna-Lisa er internasjonal musikal-songar og reiser på juleturne direkte frå rolle i musikalen «The Book of Mormon».

 

Musikarar: 

Stein Austrud, kapellmester, keyboards, perkusjon + +.

Tarjei Nysted, fioliner, nøkkelharpe, perkusjon.

Stig Espen Hundsnes, trompeter, irske blikkfløyter, perkusjon.

 

Kor:        

kor´Førde.

 

Regi:       

Johan Osuldsen, Hanne Krogh, Stein Austrud.

 

Arrangør: HK Prod. AS.

Produsent:  Trygve Sundbø

 

DATO TID TITTEL PRIS SAL SENSUR KATEGORI BILLETT
ty 03 des 18:30 Hanne Tre Tenorer....og et stjerneskudd! 565 STORSALEN Show Kjøp billett