DATO TID TITTEL PRIS SAL SENSUR KATEGORI BILLETT
fr 29 apr 19:00 Hans Morten Hansen - Natural born komiker 425 STORSALEN Arrangement Kjøp billett
HansMorten_Hansen-5.jpg
DATO TID TITTEL PRIS SAL SENSUR KATEGORI BILLETT
fr 29 apr 19:00 Hans Morten Hansen - Natural born komiker 425 STORSALEN Arrangement Kjøp billett

Hans Morten Hansen - Natural born komiker

Stand Up Norge AS presenterer:

HANS MORTEN HANSEN – NATURAL BORN KOMIKER

Regi: Vemund Vik         

HANS MORTEN HANSEN ER TILBAKE MED NYTT SHOW!

Hans Morten Hansen er endeleg klar med eit nytt soloshow, som har fått tittelen «Natural Born Komiker». Etter fem soloframsyningar og eit gigantisk jubileumsshow som selde ut to DNB Arenaer i Stavanger er det duka for nok ein heilaftan med «skamløgne» historier og observasjonar frå ein av landets favorittkomikarar.

 

Det er liten tvil om at Hans Morten er morosam. Det er noko med måten han seier det på. Og kva han seier. Og korleis han ser ut når han seier det. Men korleis blei han ein av Norges beste komikarar? Blei han født morosam? Er det arv eller miljø? Skal vi takke Hansen-slekta eller skyldast det oppveksten, byturane, ungane, ekteskapa eller naboane?

 

Hansen har vunne fleire komiprisar, han underheld heile landet på laurdagar i «Side om Side» og sist gong han laga show kalla Rogalands Avis han for «Norges morsomste mann». 

Sjå fram til ei heilaftans standupframsyning med nær, kjær og personleg observasjonshumor av høgste klasse. 

Av og med naturtalentet Hans Morten Hansen.