Hona-egget-og-reven-RT-06713_jpg.jpg
DATO TID TITTEL PRIS SAL SENSUR KATEGORI BILLETT
on 15 sep 18:00 Høna, egget og reven - Riksteatret 225 STORSALEN Arrangement Kjøp billett

Høna, egget og reven - Riksteatret

 PRODUSENT: WENCHE VIKTORSDATTER PAULSEN
AV NELLY WINTERHALDER. REGI GUNNAR EIRIKSSON.
Det er ikkje så gøy å være Høna når Egget hennar plutseleg blir vekke. Særlig ikkje når ho finn ein rev i reiret der Egget låg.
Riksteatret byr på ei nyklekka teaterframsyning for dei minste. Her møter du Høna, ei søt, sjølvopptatt og smånervøs eggemor. Og Reven, ein smart og sosial type. Saman legg dei av stad på jakt etter det bortkomne Egget. Det blir en spanande og verdsomspennande reise.
Underveis møter de mange forunderlige eggspertar: ei struttande og streng strutsemor, ein pertentlig og plettfri pingvinfar, ein hær hodelause lus og ein kappande, kuttande krokodille-kokke. Høna prøveruger mange egg, men ingen av dei følast heilt rett.
Høna, egget og reven er en morosam framsyning om vennskap, tilhørighet og motgang, og om barn som blir annleis enn foreldra hadde forventa. Ein hyllest til det uperfekte livet!
For barn frå 4 år og alle vaksne.
På scenen
Henrik Bjelland, Eirin Schou Fævelen, Ragnhild Gravem og Hans Norman Røine
Team
Regissør: Gunnar Eiriksson, Kostymedesigner, Scenograf: Kathrine Tolo, Scenograf, Videodesigner: Torbjørn Ljunggren, Scenograf, Lysdesigner: Elisabeth Kjeldahl Nilsson, Produsent: Wenche Viktorsdatter Paulsen og Dramatiker: Nelly Winterhalder
Av Nelly Winterhalder
Framsyningsgslengde: 1 time (ingen pause).
Premiere: Oslo / Nydalen 25. feb 2021
Produsert av Riksteatret

}
DATO TID TITTEL PRIS SAL SENSUR KATEGORI BILLETT
on 15 sep 18:00 Høna, egget og reven - Riksteatret 225 STORSALEN Arrangement Kjøp billett