DATO TID TITTEL PRIS SAL SENSUR KATEGORI BILLETT
sø 19 sep 19:00 Irsk aftan med Tradish 230 FESTSALEN Arrangement Kjøp billett
2.png
DATO TID TITTEL PRIS SAL SENSUR KATEGORI BILLETT
sø 19 sep 19:00 Irsk aftan med Tradish 230 FESTSALEN Arrangement Kjøp billett

Irsk aftan med Tradish

Heilt sidan dei blei danna i 2009, har Tradish spelt på hundrevis av scener på tvers av Europa. Bandet har møtt og begeistra eit publikum, som verdset den opne og personlege tilnærminga  til den tradisjonelle irske musikken, som kjenneteiknar Tradish. Som ein del av den levande irske musikktradisjonen, spelar Tradish seg inn i ein spanande og livsbekreftande blanding av det gamle og det nye, fortid og notid, med ein sterk forankring og respekt for røtene.

 

Tradish er:

John Pilkington: vokal, guitar, bouzouki
Louise Ring Vangsgaard: violin, viola, vocal
Brian Woetmann: bodhrán, percussion, mandolin, vokal, step

 

Det siste albumet Handmade tales er ei samling av 15 sjølvkomponerte nummer utført på handlaga akustiske instrument - 15 forteljingar med kvar si historie. Det er eit konsentrat av bandets heilt spesielle lyd, der deira eigne komposisjonar tilførast den irske tradisjonelle musikken. Handmade tales er eit snapshot av, korleis bandets karakteristiske lyd har utvikla seg gjennom mange års samspel: lyden av ​​3 stemmer og 6 hender, som spelar på instrument handbygga av tre, strenger og geiteskinn.

 

Tradisjonell irsk musikk har gjennom dei siste 200 åra vekse seg til eit kraftfult tre med forgreiningar, knoppeskot og spirar over heile verda. No er den eit globalt fenomen som står i full blome. Albummet Roots & Shoots tar oss lyttarar med på ei reise, der brennstoffet og inspirasjonen er henta frå treets røter og frå betraktningar av folks liv her og no. Roots & Shoots hausta begeistra meldingar tvers over Europa, og Tradish blei valt som eit av 10 band til å representere Danmark i musikkeksport prosjektet “Danish Roots - Growing in the World”.