DATO TID TITTEL PRIS SAL SENSUR KATEGORI BILLETT
fr 30 apr 20:00 John Olav Nilsen & Nordsjøen 395 STORSALEN Arrangement Kjøp billett
JON&N vårturné 2021 alle medier2.jpg
DATO TID TITTEL PRIS SAL SENSUR KATEGORI BILLETT
fr 30 apr 20:00 John Olav Nilsen & Nordsjøen 395 STORSALEN Arrangement Kjøp billett

John Olav Nilsen & Nordsjøen

Vår vår! I desse urolege tider går John Olav Nilsen & Nordsjøen mot vinden og vender tilbake til livet på vegen. Lasta er full av fortida, men heldigvis også ei berøring av framtida.

 

Heilt sidan den kritikerroste og Spellemannvinnande debutplata «For Sant Til Å Være Godt» har Bergensartisten vore ein av sin generasjons absolutte livefavorittar. Fulle hus og øyredøvande allsang har vore standard på konsertar og festivalar, og låtar som “Diamanter og kirsebær”, “Hull i himmelen” og «Valiumsvalsen» vil stå seg som evige klassikarar i norsk musikkhistorie.

 

John Olav Nilsen & Nordsjøen består forutan John Olav av dei tidligare Gjengen-medlemmane Einar Vaagenes, Lars Eriksen og Mikael Kanstad, og musikalsk befinn dei seg i sjangeren gatepop, eller sågar motstands-pop. I 2020 slapp dei albumet «Det store i det små» til strålande kritikkar frå medier landet over, og til våren vil ny musikk sjå dagens lys.

 

«La vårens vind skjære helt inn, og puste liv i dagens søvnige sinn» – John Olav Nilsen


For anledninga har dei med seg Eirik Marinius Sandvik på gitar, Glenn Endre Bertelsen på Trommer og Pablo Tellez på bass. Det følast godt å ha denne gjengen tilbake på vegen, og vi gler oss til allsang av gamle og nye favorittar i 2021!

 

 

Omtale:

 

Stadionpop til folket!  Musikknyheter 8/10

 

Noe av det sterkeste gjengen har produsert  Aftenposten 5/6

 

Det er rett og slett deilig å plaske rundt i Nordsjøens univers. Gratulerer!  Dagbladet 5/6

 

John Olav Nilsen får nye bølger til å gå høyt med gruppa Nordsjøen  Dagsavisen 5/6

 

Deilig, avhengighetsskapende popmusikk for den lyse tiden som kommer  Gaffa

 

Loddefjords store sønn tilbake på sporet  Stavanger Aftenblad