bilde liggande.jpg
DATO TID TITTEL PRIS SAL SENSUR KATEGORI BILLETT
to 26 sep 20:00 John Pål Inderberg Trio 275 FESTSALEN Konsert Kjøp billett

John Pål Inderberg Trio

 

Torsdag 26. september fyller vi Festsalen igjen med hærleg jazzmusikk frå nokon av dei mest betydningsfulle jazzmusikarane i Norge.

 

Trioen består av: 

John Pål Inderberg

Baritonsaksofonisten John Pål Inderberg som gjennom si lange og innhaldsrike karriere har han turnert og gjort ei rekke innspelingar med nokon av verdas mest respekterte jazzmusikarar, som Lee Konitz og Warne Marsh, Chet Baker, Bob Brookmeyer og Chick Corea. Han var også eit viktig medlem av Gil Evan's fantastiske skandinaviske ensemble. Plater som Warne Marsh's Sax of a Kind og Lee Konitz's Steps Towards a Dream har plass som hjørnesteinar, ikkje berre i norsk jazz, men også av Tristano-Skolens katalog og arv. I tillegg til å jobbe med mange store internasjonale musikarar, har Inderberg hatt sitt største virke i Norge og jobba med det som kan krype og gå av norske musikarar. 

 

Det er ingen overdriving å sei at John Pål Inderberg i så måte representerer det sanne hjartet av norsk jazz.

 

Håkon Mjåset Johansen er medverkande på over 70 innspelingar og er ein sentral musikalsk kraft i prosjekt som Come Shine, Motif, Urban Connection og IPA. Han har turnert med Chick  Corea, Jan Garbarek og Michael Brecker, for å nemne nokon , og han har vært en sentral musikar i norsk jazz sidan tidleg 2000. Med kreative solistiske krumspring forankra i eit særdeles swingande beat har Håkon fasinert og gleda publikum frå Svalbard i nord til Cape Town i sør. 

 

Trygve Waldemar Fiske, Frei har markert seg som ein av sin generasjons dyktigstaste bassistar og turnerar jamleg med Hanna Paulsberg Concept, Waldemar 4, Ine Hoem, John Pål Inderberg Trio og Erlend Slettevoll Trio. I 2014 mottok han Shellstipendet av Molde Internasjonale Jazzfestival og danna bandet Waldemar 4 som hausta strålande kritikkar i norsk presse hausten 2015. 

 

DATO TID TITTEL PRIS SAL SENSUR KATEGORI BILLETT
to 26 sep 20:00 John Pål Inderberg Trio 275 FESTSALEN Konsert Kjøp billett