DATO TID TITTEL PRIS SAL SENSUR KATEGORI BILLETT
to 23 mai 19:00 Kammerkonsert med Helga og Thomas 100/200 FESTSALEN Konsert Kjøp billett

Kammerkonsert med Helga og Thomas

Distriktsmusikarane Thomas Aanonlie frå Gloppen og Helga Lied Wyrtz frå Førde gler seg alltid til sine musikalske møter. Dei to har gjennom fleire år hatt musikalske samarbeid på Gloppen Musikkfest, og har lenge drøymt om å dyrke duosamspelet meir.

Thomas spelar slagverk med hovudvekt på melodiske instrument, medan Helga spelar tverrfløyte. Programmet er eit resultat av nitid leiting etter god, stemningsfull musikk som er moro å spele; det vert musikk som varmar, musikk som klør litt, musikk ein får lyst til å danse til og musikk ein nesten ikkje kan leve utan. Vel møtt!

DATO TID TITTEL PRIS SAL SENSUR KATEGORI BILLETT
to 23 mai 19:00 Kammerkonsert med Helga og Thomas 100/200 FESTSALEN Konsert Kjøp billett