Plakat Opera-konsert revidert copy.jpg

Kor-konsert med Kor Før`de, Damekoret Cora, Mannskoret Buldre, Førde ungdomskor

Kor-konsert i Førdehuset 24. mars 2019
Korbyen Førde har eit aktivt komiljø med totalt 14 kor der songgleda står høgt. Byen har kortilbod for folk i alle aldrar, frå dei aller minste til dei eldste.
Fire kor har no gått saman om å lage ein vårkonsert som inneheld ulike sjanger og stemmesamansetningar.
Kor Før’de, som og er arrangør for konserten, vil framføre både norske folketonar, irske melodiar og eit utval andre songar. Koret er eit blandakor med ca 40 medlemmer.

 

Damekoret Cora som sist år feira 25-års jubileum, har med seg eit knippe songar frå jubileumskonserten deira. Koret er eit damekor med ca 40 medlemmar.
Vi vil gjerne ha med unge talentfulle songarar på konserten vår, og denne gongen er det Førde Ungdomskor som vil underhalde oss.

 

På nytt har det blitt mannskor i Førde og Buldre har blitt svært populære i byen. Dei øver iherdig til ein eigen konsert fram mot sommaren og her får vi høyre ein god blanding av nasjonalromantisk musikk, shanty, svenske svisker og eit par overraskingsmelodiar.

 

Det vil og bli storkor med innpå hundre songarar som vil framføre ein medley frå musicalen ”The Phantom of the Opera”.

 

Dirigentar er Kjetil Andreas Nydal og Gro Anthun og vi har med musikarane Sigbjørn Hvidsten og Jon Kristian Bye. Kor Før’de sin tidligare dirigent Jorunn Bakke Nydal vil med sitt gode humør binde konserten saman som konferansier.

 

Set av kvelden 24. mars frå kl 18.00 til ein variert og fin konsert i Førdehuset.