DATO TID TITTEL PRIS SAL SENSUR KATEGORI BILLETT
fr 11 mar 19:30 Landet bakom blått - Stardalen mannskor og Odd Erik Lothe 480 STORSALEN Arrangement Kjøp billett
OddErikLothe-1.jpg
DATO TID TITTEL PRIS SAL SENSUR KATEGORI BILLETT
fr 11 mar 19:30 Landet bakom blått - Stardalen mannskor og Odd Erik Lothe 480 STORSALEN Arrangement Kjøp billett

Landet bakom blått - Stardalen mannskor og Odd Erik Lothe

Stardalen mannskor inviterer til konserten «Landet bakom blått».
Gjennom nokre av Odd-Erik Lothe sine songar følgjer vi draumen om eventyret bakom blånene, utferdstrongen til lands og til havs og seinare lengta heim att til røtene.
Songaren, musikaren og komponisten Odd-Erik Lothe deltek sjølvsagt på konserten.
Trygve Apalset er musikalsk leiar. Synnøve Nordvik deltek også som solist, og orkesteret er sett saman av Jørn Moen, Geir Søreide, Eivind Kjørvik, Håvard Nordvik, Torgeir Apalset og Arne Søholt.
Stardalen mannskor har gjort stor suksess med konsertprosjektet «Vi vandrar saman i Nynorskens skog,» seinast i Grieghallen i oktober 21.
«Landet bakom blått» kan opplevast i Førde, Sogndal, Sandane og Nordfjordeid.
Konserten varer i om lag 1 time og 20 minutt. Ikkje pause.