plakatbilde.jpg

Låtskrivings verkstad med Alexander Pavelich.


Frå Nordfjordeid til stjernekamp -
Ein allsidig og glitrande
artist, musikar og låtskrivar!

 

Alexander Pavelich har etter fleire år som frontmann i suksessrike band som Eye Emma Jedi og Lovespeake etablert seg som ein av Noregs mest respekterte, hardtarbeidande og produktive poplåtskrivarar.

 

Pavelich var med å skrive 28 låtar som vart gitt ut i løpet av 2019!
I si karriere står han bak 85 utgjevingar og han har i tillegg selt over 50 låtar til artistar i Kina. Låtane hans har vorte strøyma over 200 millionar gonger! Han skriv for internasjonale artistar og verdsstjerner som Alan Walker, Ava Max, Seeb, Nick Jonas, MKTO, Julie Bergan, Lemaitre og Broiler, og nye samarbeid står for tur i 2020. Han reiser verda rundt for å skrive låtar for andre, og er ein ettertrakta vokalist i EDM/pop-sjangeren.
Alexander vil no dele kunnskapen sin med unge og håpefulle låtskrivarar frå heimfylket sitt. Han kjem til å snakke om skriveprosessen frå A til Å, korleis ein ide blir født og kva du bør gjere med han.
Korleis skal du maksimere produktivitet og halde deg inspirert?
Korleis utvide nettverket ditt og presentere musikk for bransjen?
Kva gjer eigentleg ein melodi eller tekst god?
Han vil vise til døme frå eiga erfaring, samt halde ein minikonsert med eit knippe
låtar frå si karriere som artist og låtskrivar.
Dette er ein unik sjanse til å få eit innblikk i låtskrivarkunsten frå ein av dei største popkomponistane vi har i Noreg akkurat no!

}