200629-LatterLive_turne_Web_1080x1920.jpg
DATO TID TITTEL PRIS SAL SENSUR KATEGORI BILLETT
fr 23 okt 19:00 LATTER LIVE – på turné! 420 STORSALEN Arrangement Kjøp billett

LATTER LIVE – på turné!

Stand Up Norge presenterer:
«LATTER LIVE – på turné!»
Landets fremste standup-komikarar som kjent frå NRK

KOMIKARANE VENDER TILBAKE TIL SCENA!

Dei siste åra og gjennom tre sesongar har mange fått med seg «Latter Live» på NRK.
I denne programserien får landets ledande standup-komikarar lov til å boltre seg i beste sendetid frå Latter på Aker Brygge.
Sjå meir her: https://tv.nrk.no/serie/latter-live 

Desse sesongane hadde i gjennomsnitt 6-800.000 sjåarar kvar veke og har gitt standup-sjangeren eit oppsving på live-scener over heile landet.
No får man altså moglegheit til å få med seg denne suksessen i levande live, når dei mest populære komikarane frå TV-serien legg ut på turné med sceneproduksjonen kjent frå TV.
Dette blir show!

Det er som kjent krevjande tider for alle som lever av å samle menneske, så det er derfor med stor glede at vi no kan informere om at komikarane returnerer til scena igjen.
Med dagens smittevern-reglar sel vi derfor eit avgrensa tal billettar pr. framsyning og med tanke på at Førdehuset vanlegvis kan huse show for veldig mange fleire publikummarar, så skal det igjen være trygt og gøy å le i salen.

Kva komikarar som står på scena denne kvelden blir kjent rett etter sommarferien.

Så kjære publikum – ta godt imot: LATTER LIVE – direkte frå FØRDEHUSET – vi gleder oss til å le saman med deg igjen!

}
DATO TID TITTEL PRIS SAL SENSUR KATEGORI BILLETT
fr 23 okt 19:00 LATTER LIVE – på turné! 420 STORSALEN Arrangement Kjøp billett