LindaEide_500x750_Kulturhus.jpg
DATO TID TITTEL PRIS SAL SENSUR KATEGORI BILLETT
to 05 sep 20:00 Linda Eide - Oppdrag Mottro 395 STORSALEN Teater Kjøp billett

Linda Eide - Oppdrag Mottro

 

I mange år har Linda Eide ringt mor si. Aldri for å spørja korleis det står til. Alltid for å grava fram noko gammalt som er nytt. For det mora fortel frå Linda sin barndom liknar ikkje på den barndommen Linda sjølv hugsar. Og når mora fortel frå si tid, også kalla gamle dagar, er det frå eit liv Linda aldri var ein del av. Byrja ikkje Mottro sitt liv med at Linda blei fødd?

 

Korleis lever gamle dagar vidare i notida? Linda lengtar tilbake til ei tid som aldri kjem att. Mora står trygt planta i notid og ser seg ikkje tilbake. LINDA: Fekk du ikkje leva ut personlegdomen din, er det det du seier? MOTTRO: Men herlegheit, det fanst jo ikkje personlegdom før, og om han fanst så hadde ein jo ikkje råd til å bry seg om han, og i alle fall ikkje leva han ut.

 

Endeleg kan publikum i Sogn og Fjordane få gleda av å oppleve Linda Eide i ei varm soloframsyning der ho forsøker å få has på desse mystiske gamle dagane. Ho som spør og grev , trur det let seg gjere. Ho som svarar kunne ikkje brydd seg mindre.

 

«Oppdrag Mottro» vart spelt på Hordaland Teater i Bergen hausten 2018 til stor suksess med fulle hus og framsyninga fekk veldig gode kritikkar i pressa:

 

Bergensavisen: «Linda Eide er en mester i å trekke linjer. Hun trekker linjer mellom tid, sted og mennesker»…«Det er bare Linda Eide som klarer å gjøre et helt ordinært liv om til noe underfundig og fint. Når det kommer til utlevering av egne familiemedlemmer, naboer og andre, så er det to metoder. Det er den Knausgårdske metode, og det er Linda Eides metode. Jeg tror Mottro, eller mamma Eide, er glad datteren ikke valgte førstnevnte.»

 

Dag og Tid: «Med Oppdrag Mottro har Hordaland Teater, som har flytta frå Fana til Bergen sentrum, vunne nok ein siger og synt både bergensarar og strilar at det finst eit godt nynorskteater i hjarta av byen»

Avisa Hordaland: «Trampeklapp for Linda og Mottro»… «Kor mange gonger har me ikkje høyrt at den store kunsten ligg i å gjera det personlege og eigenopplevde til noko allment attkjenneleg? I så måte er Linda Eide sin monolog Oppdrag Mottro stor kunst.»… «Linda og regissør Arvid Ones har på meisterleg vis funne den fine balansegangen som held publikum å tå hev «… «Sjeldan har tida gått så fort.»

 

Av og med Linda Eide
Regi Arvid Ones
Scenografi Olav Myrtvedt
Lys Einar Bjarkø
Video Einar Bjarkø, Linda Eide
Video / lyd tilrettelegging Mathias Grønsdal
Mottro si stemme Liv Bernhoft Osa
Produsert av Hordaland Teater i samarbeid med HiHat.
Turné i Sogn og Fjordane i samarbeid med Sogn og Fjordane Teater.

 

Framsyninga varer i 1 time og 20 min utan pause.

DATO TID TITTEL PRIS SAL SENSUR KATEGORI BILLETT
to 05 sep 20:00 Linda Eide - Oppdrag Mottro 395 STORSALEN Teater Kjøp billett