Lyarscena plakat Schubert med krydder mindre.png
DATO TID TITTEL PRIS SAL SENSUR KATEGORI BILLETT
to 26 nov 19:00 Lyarscena – ein konsertserie: Schubert med krydder 150 Nordsalen, Kultursku Arrangement Kjøp billett

Lyarscena – ein konsertserie: Schubert med krydder

Ein kveld med inderlig kammermusikk.
Henri Eftevand (fiolin), Hans Holgersson (cello), Noemi Utasi (piano) og Julia Gåsvær (trompet)


45 minutters konsert med Henri Eftevand, Hans Johan Holgersson, Noemi Utasi og Julia Gåsvær. Hovudverket for konserten er trio nr. 1 i B-dur av Franz Schubert. Verket blei komponert ferdig i 1828, det siste året av livet hans. Det blei utgitt som Opus 99 åtte år seinare. I tillegg til trioen vert det framført to kortare stykker med trompet. Blant dei er eit nytt arrangement av folketonen "Jesus din søte foreining å smake" trad. Ryfylke.

Det har lenge vore ønska ein eigen konsertserie med dei dyktige distriktsmusikarane i Sunnfjord, og i den nye salen får vi moglegheit til å syne fram eit fantastisk musikkbygg i tillegg. Akustikken i salane er av ypperste merke, og er lagt til rette spesielt for akustisk musikk.

 

24. september: «Svart-kvitt» Innviing av det nye flygelet
22. oktober: «Beside the Stream», Helga Lied Wyrtz og Noemi Utasi
05. november: «Stillelåten» Folkemusikkonsert
26. november: Kammermusikk «Schubert med krydder»

 

}
DATO TID TITTEL PRIS SAL SENSUR KATEGORI BILLETT
to 26 nov 19:00 Lyarscena – ein konsertserie: Schubert med krydder 150 Nordsalen, Kultursku Arrangement Kjøp billett