DATO TID TITTEL PRIS SAL SENSUR KATEGORI BILLETT
lau 16 okt 18:00 Meg og Dolly - Hanne Sørvaag med band 585 STORSALEN Arrangement Kjøp billett
ståande.png
DATO TID TITTEL PRIS SAL SENSUR KATEGORI BILLETT
lau 16 okt 18:00 Meg og Dolly - Hanne Sørvaag med band 585 STORSALEN Arrangement Kjøp billett

Meg og Dolly - Hanne Sørvaag med band

«Dolly Parton og Hanne Sørvaag er rett og slett en god match» skreiv pressa etter premiera.

 

Gjer deg klar for haustens store kritikarroste showkonsert som hyller «the one and only»Dolly Parton. Med over 3000 låtar i bagasjen og 40 år sidan superhiten «9 to 5» blei gitt ut er det klart for å feire ein av notidas største artistar i framsyninga «Meg og Dolly».

På scena står den folkekjære artisten Hanne Sørvaag som skal ta deg med på ei musikalsk reise i Dollys univers saman med eit stjernelag av musikarar.


Hanne har elska Dolly sidan ho var ei lita jente, og ho har vore ein stor inspirasjon for Hanne si karriere.
Dette vil du merke gjennom historiar, opplevelsar og låter i framsyninga «Meg og Dolly».
Dolly Parton har vore aktiv som artist i om lag 70 år og har gitt oss ei rekke store hits.

 

Kven hugsar vel ikkje låtane «Jolene», «Here You Come Again», «Islands in the Stream» og «I Will Always Love You» som også Whitney Houston hadde stor suksess med?
Desse og mange fleire vil du få oppleve hausten 2021 når denne hitparaden av ein showkonsert tar turen til Førde for å gi deg ein festaftan du seint vil gløyme.

 

ANMELDELSAR
- Gåsehudfaktor 10 – Romerikes Blad
- Publikum jublet – Arendalstidende
- Hun er dyktig både som sanger og formidler – Harstad Tidende

 

VARIGHET
ca. 1 time og 30 minutter.

 

Pris 585 inkl avgift.