DATO TID TITTEL PRIS SAL SENSUR KATEGORI BILLETT
on 30 mar 20:00 Moddi - Bråtebrann 315 TEATERSALEN Arrangement Kjøp billett
9-16.jpg
DATO TID TITTEL PRIS SAL SENSUR KATEGORI BILLETT
on 30 mar 20:00 Moddi - Bråtebrann 315 TEATERSALEN Arrangement Kjøp billett

Moddi - Bråtebrann

Visesongar. Bustehode. Pilegrim. Miljøforkjempar. Når Pål Moddi Knutsen går på scena, veit du aldri heilt kva slags versjon av senjaværingen du får. Uansett veit du at du kan forvente både storslagen musikk, smittande engasjement og med eit glødande nærvære.

 

Moddi – ein artist som som like gjerne opptrer med symfoniorkester som aleine med kassegitaren. Snart kjem Bråtebrann, hans første album på norsk sidan spellemannvinnande Kæm va du? frå 2013. På Bråtebrann har Moddi vendt heim til Senja, ein stad som har forandra seg fullstendig frå universet han sjølv har pledd å synge om. Bråtebrann handlar om å bli vaksen i ei tid kor alt endrar seg like raskt som ein sjølv.

 

Moddi sjøl begynner også å bli voksen. Denne sommaren gjekk han som pilegrim frå Oslo til Trondheim, ein 643 kilometers vandring aleine med gitaren. Undervegs skreiv han songar inspirert av landskapet, menneska, stillheita og spora etter kristendommens tusenårige historie i landet vårt. Resultatet blei urframført under to utselde konsertar i Nidarosdomen.

 

Med ein fot i den store verda og den andre heime på Senja finn Moddi seg alltid i spenn mellom det heimekjære og det søkande, det intime og det spektakulære, det sjarmerande og det ubehagelige. Dei siste åra har dette manifestert seg i samarbeider med alt frå Kringkastingsorkesteret til det lokale smelteverket, frå Fretex til palestinske barnekor – med ein lettheit og sjølvsagtheit som vitnar om ein av dei aller mest allsidige artistane vi har i Norge i dag.