DATO TID TITTEL PRIS SAL SENSUR KATEGORI BILLETT
lau 19 feb 19:00 Nils-Ingar Aadne - Da var det oss 420 STORSALEN Arrangement Kjøp billett
8efa817f_1080x1920-2021-Oslo (1).jpg
DATO TID TITTEL PRIS SAL SENSUR KATEGORI BILLETT
lau 19 feb 19:00 Nils-Ingar Aadne - Da var det oss 420 STORSALEN Arrangement Kjøp billett

Nils-Ingar Aadne - Da var det oss

 

I 2015 kom Nils-Ingar Aadne med stand-up showet «EGO». Her tok han for seg sin eigen egoistiske livsstil og fokuset på seg og sitt.

I sitt nye standup-show «Da var det oss» handlar det ikkje berre om han sjølv, men om oss alle og samfunnet vi lever i. Sidan EGO gjekk Nils-Ingar frå meg til oss, han fekk seg kjæraste og sambuar. Så skjedde det utenkelege. Hausten 2018 døde kjærasten hans brått og uventa av hjertestans. Igjen står han der aleine, mens verda går vidare. Det må han og.

«Da var det oss» er om å få livet i trynet og gå vidare, om kvardagslege småting og kor sinte folk har blitt. Om robotstøvsugarar og pandemi. Den handlar om oss.

Regi: Thomas Giertsen
Produsent: Feelgood&iStage AS

«Publikum hadde bare en ting å gjøre da han takket for seg, det var å takke med stående langvarig applaus.» - Tønsberg Blad