DATO TID TITTEL PRIS SAL SENSUR KATEGORI BILLETT
fr 25 mar 19:00 Nordic Tenors - Classics 425 STORSALEN Arrangement Kjøp billett
1024-1536.png
DATO TID TITTEL PRIS SAL SENSUR KATEGORI BILLETT
fr 25 mar 19:00 Nordic Tenors - Classics 425 STORSALEN Arrangement Kjøp billett

Nordic Tenors - Classics

Våren 2022 reiser Nordic Tenors på Norgesturné med si varme, vakre og virtuouse framsyning «Nordic Tenors - Classics». Saman med sin eineståande pianist og nokon av Norges beste musikalske arrangørar pustar den populære trioen nytt liv til evige klassikarar frå Edvard Griegs tid og fram til i dag. Her får publikum høyre nokon av historias vakraste musikalske høgdepunkt framført med kløkt og glede av tre av Norges finaste stemmer. Framsyninga spenner frå opera og klassiske musikalske uttrykk til populærmusikalske genre og viser. Publikum kan glede seg til hjarterørande musikalske opplevingar, helsebringande mosjon for lattermusklane og himmelsk balsam for lydhøyre øyrer.

Nordic Tenors består av tenorane Roald Haarr, Nils Georg Nilsen og Jan-Tore Saltnes. Dei har med seg den svært anerkjente pianisten Torgeir Koppang. Gruppa har tidlegare vunne Komiprisen, vore kongelege toastmasterar, opna den nye operaen i Oslo og vunne publikums hjarter over heile landet.