0001.jpg
DATO TID TITTEL PRIS SAL SENSUR KATEGORI BILLETT
lau 18 jan 17:00 Nyttårskonsert med Sogn og Fjordane symfoniorkester 150/300 STORSALEN Konsert Kjøp billett

Nyttårskonsert med Sogn og Fjordane symfoniorkester

Nyttårskonsert

Sogn og Fjordane symfoniorkester feirer det nye året med eit feststemt program av nordiske komponistar som Sibelius, Svendsen og Grieg. Sjølvsagt er Lumbyes Champagnegalopp med! Mezzosopran Mari Askvik frå Leikanger og saksofonist Roger Andreas Holme frå Sandane er solistar med orkesteret. Det blir flotte operaariar frå både Carmen og L’Italiana in Algeri og frå saksofonen får vi høyre den spennande Scaramouche som er virtuos, vakker med sine voggesangliknande tema og ein brasiliansk rumba som avslutning.

Sogn og Fjordane symfoniorkester er eit orkester som er samansett av distriktsmusikarar, musikklærarar, amatørar og dyktige studentar. Det har vore viktig å få stor breidde og å legge vekt på det pedagogiske arbeidet slik at ein kan vidareutvikle kompetansen på orkesterspeling i fylket.

DATO TID TITTEL PRIS SAL SENSUR KATEGORI BILLETT
lau 18 jan 17:00 Nyttårskonsert med Sogn og Fjordane symfoniorkester 150/300 STORSALEN Konsert Kjøp billett