DATO TID TITTEL PRIS SAL SENSUR KATEGORI BILLETT
fr 08 apr 19:00 Operagallaturne med Opera Nordfjord 450 STORSALEN Arrangement Kjøp billett
ON_operagallaturne_1080x1620.jpg
DATO TID TITTEL PRIS SAL SENSUR KATEGORI BILLETT
fr 08 apr 19:00 Operagallaturne med Opera Nordfjord 450 STORSALEN Arrangement Kjøp billett

Operagallaturne med Opera Nordfjord

Opera Nordfjord skal endeleg ut på vegane igjen, med ny operagallaturné i april og konsertar i Palmehelga i veke 14. Det er 15 år sidan det sist operaen inviterte til operagalla med kjende og kjære operaperler, og både kor, orkester og solistar gler seg til å framføre dei vakraste favorittane i eit breitt utval.


Det vert gjensyn med Margrethe Strømmen Fredheim, som mange huskar som Mimi i La Bohème i 2018, og tenoren Bror Magnus Tødenes frå Eiksund på Sunnmøre er kjent for mange, etter opptredenar på TV med KORK. Margrethe er i dag fast tilsett som solist ved Theater Kassel i Tyskland og har tidlegare arbeidd for Opera Erfurt og mellom anna hatt oppdrag for Glyndebourne Festival. Bror Magnus har hatt ei rask karriere og har m.a. vunne Renata Tebaldi-konkurransen og har gjort store roller både ved utanlandske operahus, Den Norske Opera & Ballett, Bergen Nasjonale Opera og Festspillene i Bergen.


Michael Pavelich er dirigent og kormeister og gler seg til å dirigere eit spennande og variert operagallaprogram med noko for einkvar smak. Det KAN for eksempel hende at Slavekoret dukkar opp på repertoaret...
Det er berre å begynne å gle seg til sprudlande overtürer, dei vakraste ariane, dei mest lidenskaplege duettane og mektige korsatsar. Spelestader vert Førdehuset fredag 8. april, Operahuset Nordfjord laurdag 9. april og Fosnavåg Konserthus søndag 10. april.

 

Konserten varar ca. 2,5 t inkl 25 min. pause


Billettsalet har opna for alle tre spelestadene – velkomen til konsert!