Øysten Sunde.jpg
DATO TID TITTEL PRIS SAL SENSUR KATEGORI BILLETT
ty 10 sep 19:00 Øystein Sunde og Meget i Sløyd "På nye eventyr" 470 STORSALEN Konsert Kjøp billett

Øystein Sunde og Meget i Sløyd "På nye eventyr"

Øystein Sunde og Meget i Sløyd
"På nye eventyr"
Øystein Sunde skal ut på tur igjen. Etter eit inspirerande
samarbeid med Ingrid Bjørnov dei siste åra, har det kome trillande
nye songar, som no er innspelt og gitt ut som CD og LP med tittelen
"Bestefar". Men det boblar stadig over av nye idéar, og det er alltid noko
nytt å få høyre når Sunde er på scena. Bl. a. kan vi vente oss eit heidundranes
oppgjer med DAB-radioen.
Med andre ord, det er mykje å gle seg til.

Det er over 50 år sidan Øystein Sunde sto på scena første gong aleine
med gitar, og nesten 50 år sidan han toppa listene med slageren
Jaktprat frå den første LP-plata hans, 1001 Fnatt i 1970. Sunde høyrer til
europaeliten når det gjeld gitarspel og har sidan den gong helt seg
på topp takka være ei utroleg evne til alltid å presentere nye,
morrosame og tidsaktuelle viser. Han har også fått utvikle sin egen
signaturgitar hos The Martin Guitar Co.

Øystein Sunde si siste suksessframsyning ”Men DA må du ha ” var den
femte i serien av hans solo-show og etterfølger publikumssuksessane
"Kjekt å ha" , "Så hatten passer" , "Øystein Sunde ...og vel så det" og
"Sånn e’re bare" .
Øystein Sunde har alltid med seg utsøkte musikarar og bandet hans,
Meget i Sløyd, er noko av det aller beste som er å oppdrive av allsidige
bluegrass-musikarar på denne sida av Atlanter'n.

Meget i Sløyd:
Terje Kinn - banjo
Øystein Fosshagen - fele og mandolin
Knerten Kamfjord - bass
Knut Hem - dobro og perkusjon

DATO TID TITTEL PRIS SAL SENSUR KATEGORI BILLETT
ty 10 sep 19:00 Øystein Sunde og Meget i Sløyd "På nye eventyr" 470 STORSALEN Konsert Kjøp billett