DATO TID TITTEL PRIS SAL SENSUR KATEGORI BILLETT
sø 20 mar 17:30 Peppa Gris Live 350 STORSALEN Arrangement Kjøp billett

Peppa Gris Live

sø 20 mar17:30350

Kjøp billett
plakat liten.png
DATO TID TITTEL PRIS SAL SENSUR KATEGORI BILLETT
sø 20 mar 17:30 Peppa Gris Live 350 STORSALEN Arrangement Kjøp billett

Peppa Gris Live

sø 20 mar17:30350

Kjøp billett

Peppa Gris Live

Overrasking!

 

Peppa Gris, kjent frå den suksessrike TV serien, kjem no LIVE på scena for første gong i Norge! Den britiske animasjonsserien om grisen Peppa og hennar familie er blitt ein enorm suksess hos små born over heile verda, og produsentane av serien har laga 420 episodar. Dette gjer Peppa til den mest strøymde tv-serien i Norge på mange år!

 

Her kjem ein overraskande familiemusikal med den søte grisen og alle vennane hennar. Det blir ein kjempefest! Girlander og ballongar fyller heile rommet! Dette blir ein veldig spesiell dag ... Mamma Gris og Pappa Gris har ein stor overrasking, men Peppa anar ikkje kva det kan være.  Gjer du?

 

Bli med Peppa på hennar eventyr i denne familiemusikalen med song, dans, mykje humor og store gjørmete sølepyttar. Dei søte handdukkene, den fargerike naturen og sjølvsagt mange spennande overraskingar gjer showet til ein stor fest for heile familien!

 

Og du – Sjølvsagt blir det ein moglegheit for å treffe Peppa og ta eit nydeleg bilete og få ein stor klem etterpå!

 

Produsent:                       Big Bear Entertainment AS

Nordisk regi:                    Bjarni Thorsson

Original regi:                    Mark Haayema

Koreografi:                       Stijn Mac Gillavry

Dukke-regi:                      Koen Iking

Manus:                             René Noorderveen

Norsk oversettelse:          Elisabeth Bjørnson

Musikk:                            TMT Productions

Dukker:                            Kathelijne Monnens og Joris van Veldhoven

Scenografi:                      Van Hoorne Entertainment

Rettigheter:                      Astley Boker Davies Ltd og Entertainment One UK Ltd.

 

Medverkande:                  Ane Eikemo, Christine Leer-Salvesen, Kyrre Vanebo, Mattis Johannessen og Liv Natalie Nymo.

 

 

 

 

 

 

Framsyninga er 55 minutt utan pause.