DATO TID TITTEL PRIS SAL SENSUR KATEGORI BILLETT
lau 07 aug 20:00 Pubkveld med karantenebrev - Sande kulturhus 200 Sande Kulturhus Arrangement Kjøp billett
Karantenebrev B.jpg
DATO TID TITTEL PRIS SAL SENSUR KATEGORI BILLETT
lau 07 aug 20:00 Pubkveld med karantenebrev - Sande kulturhus 200 Sande Kulturhus Arrangement Kjøp billett

Pubkveld med karantenebrev - Sande kulturhus

I samarbeid med Kvernafossen bryggeri og Sunnfjord kommune inviterer vi til pubkveld i Sande kulturhus under Dalsfjordveka. Det vert høve til ølsmaking frå det utsøkte sortimentet til Kvernafossen og framføring av Karantenebreva.
Gjennom det absurde fjoråret skreiv Marit Eikemo og Kristina Leganger Iversen lange brev til kvarandre. Karantenebrev. Med tankar og refleksjonar rundt eit liv snudd på hovudet.
- om tida som kjennest som den er ute av ledd,
- om korleis ein har byrja sette opp risikorekneskap for alt ein gjer,
- om Black Lives Matter- demonstrasjonar, nordmenn på ferie, men óg om kva ein heim er, og korleis sjonglere mellom å vere mor og kunstnar.
Desse breva er no blitt til ei framsyning og urpremieren fann stad på Det Vestnorske Teateret i mai. Dei står sjølv på scena i Sande kulturhus saman med musikar og komponist Stephan Meidell. Regien er ved Ingrid Askvik.