DATO TID TITTEL PRIS SAL SENSUR KATEGORI BILLETT
lau 22 jan 16:00 Rom for ord - Vandring 250 Naustdal Kulturhus Arrangement Kjøp billett
3.png
DATO TID TITTEL PRIS SAL SENSUR KATEGORI BILLETT
lau 22 jan 16:00 Rom for ord - Vandring 250 Naustdal Kulturhus Arrangement Kjøp billett

Rom for ord - Vandring

Vi går og går. Mot kvarandre eller frå kvarandre. Vi har alltid vandra, for å finne mat og nytt land, på flukt eller leit, tiår med ørkenvandring eller ei tung dørstokkmil. Vi er oskeladden med opne auge for alt som ligg langs vegen, eller felttog med eitt mål for auget. På 1800-talet vandra ein kar omkring i Noreg og sanka språk. For tusenvis av år sidan tok eit menneske det første steget på det som i dag blir kalla norsk jord. Vi tek eit steg mot eit anna menneske for å gi eit kjærteikn, millionar er på flukt, og over oss alle flyg vandrefalken.


Slik skildrar forfattar Sigmund Løvåsen tekstane han les frå i denne poesikonserten. Musikarane Erlend Apneseth og Frode Haltli finn mange musikalske skjeringspunkt. Musikken er eit grenselaust språk, og sjølv om instrumentasjonen er hardingfele og akkordeon, så kan ein høyre musikalsk inspirasjon frå både aust og vest i dette verket. Og når Apneseth klimprar på to feler samtidig, går tankane kanskje til ein vestafrikansk kora, kanskje til ei irsk harpe. Assosiasjonane kan vere mange, og opne for mange tolkingar. Tradisjon og nyskaping har gått hand i hand gjennom virket til begge musikarane gjennom fleire år. I samspelet med tekst tek musikken til tider ei reflekterande og lyttande rolle. Andre stader kan musikken bryte laus i villskap og overdøyve poeten fullstendig.


Verket «Vandring» blei tinga av Nynorsk kultursentrum til Festspela 2021. Ditkar Sigmund Løvåsen og komponistane og musikarane Erlend Apneseth og Frode Haltli har skapt musikk og lyrikk i samspel med kvarandre og resultatet er eit unikt samansveisa verk der overgangane frå lyrikk, komponert og improvisert musikk glir saumlaust i kvarandre og bidreg til ei fokusert, intens og sterk oppleving for publikum.
Forfattaren Sigmund Løvåsen har gitt ut ei rekkje romanar, skodespel og diktbøker sidan debutromanen Nyryddinga i 2003. Løvåsen var festspeldiktar for Festspela 2021.

Erlend Apneseth og Frode Haltli er begge røynde og prislønte musikarar og komponistar i skjeringspunktet mellom folkemusikk og samtidsmusikk. Dei har mellom anna samarbeidd på albumet Salika Molika (2019), som fekk Spellemannprisen i kategorien Åpen klasse.

Programmet er utvikla av Nynorsk kultursentrum og arrangementet er i samarbeid med Naustdal mållag.

Billett vaksne kr 250
Medlemmer i mållaget: 200
Student: 100