78100939_3259569604094482_2834883822170931200_o.jpg
DATO TID TITTEL PRIS SAL SENSUR KATEGORI BILLETT
lau 25 apr 18:00 SAGAS - Opera Nordfjord 275/475 STORSALEN Konsert Kjøp billett

SAGAS - Opera Nordfjord

lau 25 apr18:00275/475

Kjøp billett

SAGAS - Opera Nordfjord

Opera Nordfjord innbyr til magisk Filmmusikk-turné
Endeleg er SCORE tilbake med nytt samarbeid med Opera Nordfjord! Etter stor suksess våren 2017 med dataspelmusikk, innbyr vi til eit nytt, magisk, musikalsk eventyr når SAGAS skal på turné til Nordfjordeid, Førde og Sogndal 24.-26. april 2020.

 

Vi tek deg med på ei fortryllande reise i fantasien si verd. Temaet er filmmusikk frå Fantasy-sjangeren, i tillegg til klassikarar frå spel-verda. Vi byr på kassasuksessar som Harry Potter, Narnia, The Lord of the Rings, Conan – The Barbarian, World of Warcraft, Carmina Burabna, Skyrim, Shadow of the Colossus og sjølvsagt musikk fråd emn umåteleg populære TV-serien Game of Thrones.

 

Konferansier vert inspirerande Fantasy-ekspert Orvar Sãfström, og Sabina Zweiacker er tilbake som solist med si vakre sopranstemme.

 

Konsertane passar både for det kresne, klassiske konsertpublikumet, for unge og eldre gamerar og ihuga Fantasy-tilhengarar, uansett alder. Her er det heilt trygt for besteforeldre å ta med barnebarn for å oppleve spennande og inspirert symfonisk musikk med eit 40-tals orkester og stort kor, samansett av Opera Nordfjord sitt eige operakor og Musikklinjekoret ved Firda vidaregåande skule. Dirigent vert Michael Pavelich.

 

Varighet: 2,5 inkl. pause. 

(art work used by kind permission of ZeniMax Media)

DATO TID TITTEL PRIS SAL SENSUR KATEGORI BILLETT
lau 25 apr 18:00 SAGAS - Opera Nordfjord 275/475 STORSALEN Konsert Kjøp billett

SAGAS - Opera Nordfjord

lau 25 apr18:00275/475

Kjøp billett