Litteraturkonsert.jpg
DATO TID TITTEL PRIS SAL SENSUR KATEGORI BILLETT
fr 08 mar 20:00 Sjøen om vinteren - litteraturkonsert 100 Bibliotekscena Konsert Kjøp billett

Sjøen om vinteren - litteraturkonsert

"Sjøen om vinteren" er ein produksjon som byggjer på den tredje og kritikarroste romanen til Sivert Nesbø. I denne førestillinga let Nesbø teksten møte musikken til Erik Andreas Røkland. - Eg ser fram til å lese til Røkland sin musikk, seier Nesbø. Eg har lenge hatt lyst til å skape eit samuttrykk mellom litteratur, musikk og klang.

Litteraturkonsert på Førde bibliotek.

 

Boka handlar om tolv år gamle Eli, som gradvis erfarer ei djupare forståing av tilværet. I løpet av nokre månader, frå sommar til sein haust, spelast relasjonen mellom Eli og dei som omgjev henne ut, og særleg forholdet til faren. Sjøen om vinteren er ein roman om den ungdomelege erkjenninga av kor skøyre grensene i livet er, mellom det som er og det som kanskje ikkje lenger kan vere.

Sivert Nesbø er forfattar, opphavleg frå Førde, no busett i Bergen. Han har gjeve ut tre kritikarroste romanar: Skårgangar (2013), Som eit barn (2015) og Sjøen om vinteren (2018).

Erik Andreas Røkland er ein musikar frå Mandal, busett i Bergen.

 

Dørene opnar kl. 19.30 - konserten startar kl. 20.00
Bill. kr. 100,- 
Servering med rettar.

DATO TID TITTEL PRIS SAL SENSUR KATEGORI BILLETT
fr 08 mar 20:00 Sjøen om vinteren - litteraturkonsert 100 Bibliotekscena Konsert Kjøp billett