DATO TID TITTEL PRIS SAL SENSUR KATEGORI BILLETT
lau 04 sep 17:00 "- So, I'm here " - Danseframsyning av Ingvild Maria Thingnes 225 STORSALEN Arrangement Kjøp billett
1.png
DATO TID TITTEL PRIS SAL SENSUR KATEGORI BILLETT
lau 04 sep 17:00 "- So, I'm here " - Danseframsyning av Ingvild Maria Thingnes 225 STORSALEN Arrangement Kjøp billett

"- So, I'm here " - Danseframsyning av Ingvild Maria Thingnes

So, I’m here er eit danseprosjekt av Ingvild Maria Thingnes. Prosjektet vart først initiert av forskar Kari Eldal, som forska på pasientopplevinga i psykisk helsevern saman med med-forskarar med eigenerfaring. Kan dansekunsten også sei noko om dei (mellom-)menneskelege erfaringane doktorgradsavhandlinga er avgrensa til å formidle gjennom ord?
Studien trekk blant anna fram kjensler av ambivalens mellom behov for nærleik og avstand, behov for å bli anerkjent som fullstendige menneske, komplekse tillitsforhold og utfordringar med å tre tilbake til samfunnet og kvardagen etter utskriving. Med utgangspunkt i dei tre artiklane frå doktorgradsavhandlinga «Sikkerheitsnettet som tek imot meg om eg fell, men som også kan fange meg», og med Kari og to av med-forskarane med på prosessen, undersøker vi korleis vi kan bygge eit fysisk og visuelt rom som rommer noko av det studien har satt ord på.
Sjølve framsyninga varar i omlag 40 minutt. I etterkant av framsyninga blir det haldt ein ettersnakk med utøvarane, forskar og medforskarar frå studien.

Koreograf/kunstnarisk ansvarleg:
Ingvild Maria Thingnes

Medskapande dansarar:
Anna Einemo Frøysland
Viljar Irtun Moe
Ingvild Maria Thingnes

Musikar:
Eduardo Henrique Scaramuzza

Kostymer:
Maja Freiberg

Prosjektet er gjennomført med midlar frå Norsk Kulturfond, Sunnfjord Kommune, Helse Førde, Stavanger Kommune og TRAFO. Takk til Regional Arena for Samtidsdans og Danseverkstedet v/Jorunn Reina for residens.