DATO TID TITTEL PRIS SAL SENSUR KATEGORI BILLETT
on 09 feb 19:00 Stardust - Hilde Louise Asbjørnsen 475 STORSALEN Arrangement Kjøp billett
Karusell_480x980.jpg
DATO TID TITTEL PRIS SAL SENSUR KATEGORI BILLETT
on 09 feb 19:00 Stardust - Hilde Louise Asbjørnsen 475 STORSALEN Arrangement Kjøp billett

Stardust - Hilde Louise Asbjørnsen

 

Musiker, komiker, skodespelar og no forfattar Asbjørnsen inviterer

til sitt solo-show om åtte utrulege kvinneliv for 100 år sidan, då

jazz var rock’n roll. Med eit teikneserieaktig glimt i auget og ved

hjelp av nokon av århundrets største jazz-hits fortel ho om lagnaden

til sine største musikalske heltinner: Bokken Lasson, Mae West,

Bessie Smith, Josephine Baker, Marlene Dietrich, Edith Piaf, Billie

Holiday og Marilyn Monroe.

 

«Stardust» er ei nyfeministisk fest-framsyning om synd, skam,

ekstase og ambisjonar på oldemors tid. Historia blir ofte fortalt

gjennom mannlege bragder. I «Stardust» fortel Asbjørnsen oss om

tidenes gong gjennom liva til åtte av verdas store kvinnelege

stjerner, artistar som braut barrierer og tabuar lenge før bh’en

brann på slutten av 60-tallet. Både boka og framsyninga dykkjer ned

i kampar, ambisjonar og sigrar mot alle odds i ei tid vi i dag ser

på som kvinneundertrykkande og tungrodd. Framsyninga er fylt til

randa av drivande musikalske nummer, backa av ein levande jazz-trio

som er sterkt delaktig i å transportere oss frå New York i «dei

glade 20-åra», via Berlin på sitt mørkaste og Paris på sitt

villaste, til Kristiania på sitt mest uskuldige...

 

Det vert sal og signering av bøker etter showet.

 

Manus: Hilde Louise

Asbjørnsen & Teodor Janson

Regi: Teodor Janson og

Mattias Carlsson

Koreografi: Mattias

Carlsson og Hilde Louise

Asbjørnsen

Musikalsk leder: Anders

Aarum

Lyddesign: Louise Lavoll

Lysdesign/scenografi: Alf

Ove Fremmersvik

Kostymer: Cårejånni

Enderud • Projeksjoner:

Tore Sergei Myklebust

Grafisk design: Anna-Julia

Granberg • Scenefoto:

Tovita Razzi

Produsenter: Starworks AS & Sweet Morning Music AS

 

Les meir om framsyninga:
https://www.showweb.no/forestillinger/stardust/

 

KRITIKKAR:
«Et fyrverkeri, et maraton, en tour de force»
-Aftenposten
“En forfører og entertainer på aller øverste hylle”
-Nettavisen
«Star power on every level»
-Broadway World Norway
Hilde Louise Asbjørnsen stråler i «Stardust». Om du trodde girlpower var en nymotens oppfinnelse, bør du ta deg en tur i teateret

-Puls.no