nettsida.jpg
DATO TID TITTEL PRIS SAL SENSUR KATEGORI BILLETT
on 18 mar 19:30 Styve & Totland «Musikk Folkens» 450 STORSALEN Show Kjøp billett

Styve & Totland «Musikk Folkens»

 

Heine Totland og Gisle Børge Styve har klart å etablere noko heilt spesielt. Utan eigentleg å ha gjort noko særleg meir saman enn å spele mange konsertar, har dei etablert eit stadig større og svært trufast publikum. Til saman har dei noko «magisk» som det er vanskeleg å sette ord på. Publikum er begeistra, og dei to vestlendingane gler seg over kvarandre og sitt publikum.

 

Gisle Børge og Heine kom saman ved ein slags tilfeldighet i ein episode av Beat For Beat i 1999. Dei gjorde ein fantastisk versjon av klassikaren «He Ain´t Heavy», og den har seinare blitt eitt av de mest populære klippa frå programmet på YouTube. Etter dette begynte dei frå tid til anna å opptre saman.

 

I 2006 bestemte de seg for å lage eit helt konsertprogram og begynne å gjere offentlege konsertar. Billettsalet var påfallande godt, og sidan har dei aldri sett seg tilbake. I 2014 satt dei saman ei framsyning på sin eigen måte; og den ble kalla «Musikk e komme for å bli». Der slo dei nok en gong saman sin musikalitet, humor, grenselause energi og rein skjær glede. Dei hadde premiere på Ole Bull i Bergen i november 2014 og på Latter i Oslo i januar 2016. «Musikk e komme for å bli» blei ein stor suksess og solgte over 60 000 billetter, i Bergen, Oslo og på turne over heile landet “Musikk folkens” starta der deira siste framsyning slutta. Dokke får høyre nye livsglade og humoristiske, men også ektefølte versjonar av songar vi alle kjenner.


«Musikk Folkens» er ein musikalsk humorframsyning av høg kvalitet. Styve & Totland briljerer med sin musikalitet og evne til å få fram ein god latter i møte med publikum. Denne gong utvidast også det musikalske bildet/uttrykket i betydelig grad. Gisle Børge har skaffa seg ein ny mandolin, eit praktfullt orgel, eit Hammond B3 frå 1959, med krakk og pedalar!


Framsyninga hadde premiere 7. november på Ole Bull Scene i Bergen og 31. januar 2019 på Latter i Oslo. Du kan gle deg, no blir det Musikk Folkens!


Event
Få, om nokon, blir brukt oftare på firmaarrangement enn nettopp desse to. Deira humor og musikalitet har rett og slett tatt folk med storm!


Heine Totland – allsidig artist
Heine Totland er ein av landets fremste sangere, og ein framifrå entertainer. Han var i si tid med å starte «Gli Scapoli», har hatt hovedrolla i musikaler som Mamma Mia, Buddy Holly The Musical, Chess, Les Miserables og Jesus Christ Superstar. Han har gitt ut to soloalbum og har også hatt fleire oppdrag med symfoniorkester. Sidan 2011 har han også vore programleiar i programserien «Det norske måltid» på TV2, saman med Arne Hjeltnes. Han turnerar også med bandet sitt Heine Totland´s Rock & Roll Circus.


Gisle Børge Styve – pianist og songar
Gisle Børge Styve er for dei fleste kjed som ein av dei to pianistane i programserien Beat for Beat på NRK, som etter tretten år har blitt ein av tidenes største norske programsuksessar. Mange veit at han er ein aldeles framifrå pianist, men alle er ikkje like klar over at han også syng svært bra, og at han har eit stort komisk talent. Gisle Børge har også eit eige band, Gisle Børge Styve Trio. Dei har gitt ut to album, og GB er også komponist og tekstforfattar på ein del av songane.

DATO TID TITTEL PRIS SAL SENSUR KATEGORI BILLETT
on 18 mar 19:30 Styve & Totland «Musikk Folkens» 450 STORSALEN Show Kjøp billett