DATO TID TITTEL PRIS SAL SENSUR KATEGORI BILLETT
lau 25 sep 19:00 Sunnfjorslepp 2021 290 STORSALEN Arrangement Kjøp billett

Sunnfjorslepp 2021

lau 25 sep19:00290

Kjøp billett
logo.jpg
DATO TID TITTEL PRIS SAL SENSUR KATEGORI BILLETT
lau 25 sep 19:00 Sunnfjorslepp 2021 290 STORSALEN Arrangement Kjøp billett

Sunnfjorslepp 2021

lau 25 sep19:00290

Kjøp billett

Sunnfjorslepp 2021

Laurdag 25. september vil vi vise bredda av gode artistar i Sunnfjord regionen. Vi er stolte av å kunne presentere: 

VÊRFAST

Lene Sørøy Neverdal frå Sunnfjord og brørne Hallvard og Torbjørn Mostrøm frå Gulen utgjer trioen Vêrfast.
Dei tre vestlendingane er på leiting etter lukka i hovudstaden, med ein felles fascinasjon forskranglete gitarar, medrivande melodiar og forblåst fortauslyrikk.
Lydbildet inneheld ei dose americana, ei teskjei powerpop og eit ikkje så reint lite ekko av söta brors 90-tals heltar.
I 2020 gav dei ut sin første EP, «Vêrfast», og VG trilla femmaren på terningen for singelen «Nok sagt!». Trioen vann også prisen for «Årets Nykommar» under Luttprisen 2020.
Spotify: https://open.spotify.com/artist/4kEZ7xUUECcPzyX1Vna8j7

 

MUTE MODE

 

Mute Mode består av Mats Systaddal og John Trygve Mulhearn Evensen.

Deira spesialitet er leiken elektromusikk med eit hint av improvisasjon, samt kule scenebilder, lys og videoprosjektering. Dei spelte på opninga av teaterfestivalen i Fjaler i 2019 og har sidan den tid produsert mykje musikk som er klar for å bli gitt ut. Første singel kom ut mai 2021.

 

Nettside:                      

https://www.facebook.com/MuteModeOfficial

https://open.spotify.com/artist/2OWVEnynPK5VBZAiYvkfyC?si=qSrvO_mpRxauBZKcyp7Oag

 

SIGBJØRN HVIDSTEN

Han kvear og klimprar i Kor Før'de, gjer både juleshow og meir med Helena Bremer, har vore vigslar i naustdal, et pannekakene til Fridtjov Urdal og vore podcastar og filmskapar om Førde med Hans Jakob Reite. Kva skal Sigbjørn finne på no?

SARA ROSE ZADIG 

Foto: David Zadig

 

18 år gamle Sara Rose Zadig er ein ung musikar frå Dale i Sunnfjord.  I 2018 gjekk ho vidare frå Sogn og Fjordane UKM til landsfestivalen i Trondheim, og under Rockne Bowl i 2019 deltok ho som eitt av pauseinnslaga. Ho har elles opptredd mykje lokalt og har m.a. vore solist med kor og korps. Sara syng og akkompagnerer seg sjølv på piano. Hausten 2020 skal ho gå på musikkfolkehøgskulen Viken for å vidareutvikle seg musikalsk.  

 

BalkaniaBand

 

BalkaniaBand består av dei tre brødrene Costel, Alex og Ionell Laptes. Med er også Mats Systaddal. Dei spelar musikk som er ei blanding av musikk frå Balkan og den vestlige verda. Resultatet er groovy og energirik musikk.

https://www.facebook.com/BalkaniaBandOfficial/

 


SIGRID FELDE


Sigrid Felde er ein ny ung artist frå Dale i Sunnfjord. Ho skriv eigen musikk og ga våren 2021 ut sine første singelar Tall Trees og Astray. Dei har blitt godt mottatt og spelt på norsk radio i beste sendetid. Fleire singlar kjem ut iløp av 2021.

 

https://www.facebook.com/SigridFelde
https://open.spotify.com/artist/4dXIavGLv3IbBD62x7sQEc?si=S9fqO1ySSdyMpWmIFk7fzA

 

BJARNE BERGHEIM

 

Er inspirert av alt frå Jarle Bernhoft til musikal-musikk. Så eigen musikk er inspirert av mykje forskjelligt.
Det viktigaste for han som låtskrivar er å kunne lage musikk som går på dei tre temane nedanfor.
Visjonen hans er:
Meir Empati
Meir Openheit
Tydelegare Kommunikasjon


På sunnfjordslepp skal han synge 2 sangar. Eit cover og ein original sang. Begge sangane handlar om nettopp desse tinga: Empati,openhet og kommunikasjon.

 

MOTOWN BAND

Motown band har base i Førde og blei til som backingband for Showkoret Sourround for over 10 år sidan. Alle medlemmane har lang fartstid og brei erfaring frå utallige musikksjangrar og sammensetninger. Musikken er innom både funk, jazz blues, pop osv
Arne Mo - trommer
Costel «Costello» Laptes - tangenter
Øyvind Rye Dybvik - gitar
Harald Løkeland - bass

 

KONFERANSIER: KOMMENTATORKORET

 

Vi opnar baren før showet  kl. 18.00 og dei som ønskjer å fortsette kvelden i Førdehuset etter showet kan kjøpe billett med tapas.

 

Velkommen til ein festkveld i Førdehuset!