DATO TID TITTEL PRIS SAL SENSUR KATEGORI BILLETT
to 11 feb 19:00 Thomas Seltzer og Den amerikanske drømmen 375 STORSALEN Arrangement Kjøp billett
Seltzer-Poster.jpg
DATO TID TITTEL PRIS SAL SENSUR KATEGORI BILLETT
to 11 feb 19:00 Thomas Seltzer og Den amerikanske drømmen 375 STORSALEN Arrangement Kjøp billett

Thomas Seltzer og Den amerikanske drømmen

NRK-profil og rocke bassist Thomas Seltzer reiste i fjor tilbake til sitt første heimland for å finne ut kva som har skjedd med det. Det var ei reise som starta i hans gamle heimby i det såkalla Rustbeltet, og som enda ved familiefarmen på prærien i Kansas, der han har røter heilt tilbake til 1870-tallet.
Resultatet blei "UXA - Thomas Seltzers Amerika", som er ein av norsk fjernsyns mest sette dokumentarseriar dei siste åra, med over ein million sjåarar så langt.
I dette foredraget fortel han om kva han fant, og med eit brennande engasjement vi ikkje er vant til frå den gamle ironikaren forklarer han oss kor det blei av hans favoritt draum, nemleg Den amerikanske, og kvar vegen går vidare for hans kjære USA.