1.jpg

Velblåst med Slåtten Skulemusikk, Vassenden Skulemusikk og Førde Skulemusikkorps

«Velblåst» er konsert etter endt seminarhelg av Slåtten Skulemusikk, Vassenden Skulemusikk og Førde Skulemusikkorps. Seminarhelga er eit inspirasjons-seminar for dei lokale korpsa med innleigd dirigent og inspirator Eirik Gjerdevik, i tillegg til korpsa sine faste dirigentar og innleigd slagverkinstruktør. Seminaret går over tre dagar og blir avslutta med konserten «Velblåst» søndag.

Vi inviterer familiar, venner og korpsmusikkinteresserte til konsert.

 

Arrangør: Slåtten Skulemusikk

Hovuddirigent og Yamahamusiker: Eirik Gjerdevik
Korpsdirigent: Mari Therese Martinussen og Jason Burn
Tromboneinstruktør og Yamahamusiker: Karianne Flåtene Nilssen
Slagverkinstruktør: Arne Hammer

Korps: Slåtten Skulemusikk, Vassenden Skulemusikk og Førde Skulemusikkorps

Seminarhelga er gjennomført med støtte frå NMF stimuleringsordning, Sparebankstiftinga DNB/Amedia og eigne midlar frå deltakande korps. Takk til Yamaha for for støtte til leige av Yamahamusikarane Karianne Flåtene Nilssen og Eirik Gjerdevik. Takk til foreldre og styret for dugnadsinnsats i forbindelse seminarhelg og konsert.