8. februar Ellos Eatnu - La elva leve Film + paneldebatt arrangert av Naturvernforbundet

ELLOS EATNU – LA ELVA LEVE er eit drama med djupe konfliktar, om eit ungt menneske sitt mot i kampen for samiske rettar i ei av dei viktigaste hendingane i samisk og norsk historie. Kampen om elva var ein liten, men viktig del av ein større kamp. Dette er ei gripande og rørande skildring av urfolket sin kamp for tilvære.

Etter framsyninga 8. februar inviterer Naturvernforbundet i Sogn og Fjordane til paneldebatt i Festsalen  https://fb.me/e/40aWkxn9L

Ester flyttar til Alta hausten 1979 og byrjar i sin fyrste jobb som lærarvikar. For å passe inn i kollegiet gøymer ho den samiske bakgrunnen sin. Fetteren til Ester er sameaktivist og deltek i demonstrasjonane mot det planlagte vasskraftverket i Altaelva. Når Ester blir med han til protestleiren startar oppvakninga og reisa hennar ut av skammen. Ho kastar seg inn i ein konfliktfylt kamp for bevaring av elva og for retten til å vere seg sjølv. 

Regi: Ole Giæver

Publisert
02. februar 2023
Skrevet av