Årets festivalfilm

Filmen som vart vist på norske kinoar i 2015, var nominert til Oscar for beste framandspråkleg film "... poetisk og usentimental. Publikum vil bli dypt rørt" - Hollywood Reporter

Regi: Zaza Urushadze

«Mandariner" føregår i 1992 i den georgiske Kaukasus-provinsen Abkhasia, der abkhaserane med hjelp frå russarane kjempar for å frigjere seg frå Georgia. I ein liten by blant skogkledde bakkar ikkje langt frå Svartehavet har dei fleste innbyggjarane flykta. Berre den eldre mannen Ivo og naboen Margus er att. Margus ynskjer òg å reise, men først må han få hausta mandarinene sine. Ein dag er det skotveksling og Ivo finn ein overlevande kaukasisk mann, Ahmed. Når dei skal gravlegge dei georgiske soldatane finn dei at ein er i live, og dei tek han med for å pleie såra. Med det er to fiendar under same tak, Ahmed og Niko. Ahmed er fast bestemt på å drepe Niko, men Ivo insisterer på at ingen skal komme til skade i heimen hans….

Publisert
27. juni 2022
Skrevet av