Fredag 19. mai: Førpremiere med besøk av skodespelarar og filmskapar

Vi inviterer til eksklusiv før-premiere av den nye norske filmen som nyleg vann publikumsprisen på Barnefilmfestivalen i Kristiansand.
Møt Filip og Hermine som spelar Birk og Magna, og filmskaparar🎥
Aktivitetar utanfor Førdehuset frå kl. 18.00
Her kan du òg møte Førde Speidargruppe, Solstrålen 4H, Driva 4H , Vårliv 4H og Naturvernforbundet
 
Spanande eventyrfilm for heile familien
Magna ynskjer svar på kva som eigentleg skjedde med faren, då han forsvann sporlaust for mange år sidan. Samstundes kjempar Birk sin livs kamp for å redde turisthytta som han driv saman med adoptivfaren. Når han forstår at forsvinninga til faren til Magna, heng saman med si eiga mystiske fortid, slår dei seg saman i søket etter kva som har skjedd. Begge har eit brennande ynskje om å finne ut kven dei er, og kvar dei kjem frå. Desse spørsmåla leiar dei på sporet av miljøkriminalitet av dimensjonar…
Publisert
07. mai 2023
Skrevet av