Kunst på Kino 17. nov

Vi er klar med eit nytt samarbeid med Sunnfjord Kunstlag om Kunst på Kino
Torsdag 20. oktober stod filmen Historjá - Broderi for Sápmi på programmet
Ein blendande vakker og gripande dokumentar om den samiske kunstnaren Britta Marakatt-Labba sine verk og livshistorie.
 
Torsdag 17. november viser vi filmen Munch: Love, Phantoms and Lady Vampires

Det finnast ingen kunstmålar i verda som er meir berømt og mindre kjend enn Edvard Munch. 
"Skrik" har vorte det ikoniske symbolet på vår samtidsangst, men resten av produksjonen er ikkje like kjend.
Det nye museet MUNCH, som opna i oktober 2021, vart eit vendepunkt for kunnskapen om Munch. Museet er ein spektakulær skyskrapar ved Oslo-fjorden, som er designa for å huse det enorme legatet som kunstnaren laga til byen; i alt 28.000 ulike kunstverk. Her finn ein målerier, trykk, teikningar, ulike gjenstandar, notat- og skissebøker, fotografi og filmeksperiment, som alle gjer oss eit fantastisk innblikk i sinnet, lidenskapen og kunsten til geniet i nord.
Dokumentaren “Munch: Love, Ghosts and Lady Vampire” kastar lys over Edvard Munch, ein mann med ein ekstraordinær og mystisk sjarm, ein forløpar og ein meister. Samstundes er det også ein tur gjennom Munch sitt Norge, på jakt etter røtene og identiteten til ein universell kunstnar.

Men mest av alt fokuserer dokumentaren på kunsten hans, og set fokus på det som skil seg ut i dei mangfaldige verka hans og idèen hans om tid.  Munch skreiv sjølv: “Jeg maler ikke det jeg ser – men det jeg så”.  Han måla dei same bileta på nytt og på nytt for å behalde dei i atelieret sitt, og la dermed grunnlaget for praksisen med multipler. Oppfatninga hans om tid var ein balanse mellom fortid og notid, og ei bru gjennom dimensjonar i universet for å komme i kontakt med sine spøkelser og ånder.

Dokumentaren startar i Edvard Munch sin heim på Åsgårdstrand. I ei vinternatt framfor eldstaden les ei ung kvinne, skodespelar Ingrid Bolsø Berdal, eit norsk folkeeventyr for born. Det handlar om det store nord, der vinden talar, bjørnar ber jenter på ryggen og troll kastar vond trolldom. Borna lyttar begeistra på forteljinga om "Prinsen og jenta som drog for å bu ein stad langt frå slottet austanfor sol og vestanfor måne." Dette er slutten på ei forteljing som verkar som byrjinga på eit nytt liv.
Men eventyret til Edvard Munch tok tidleg slutt: Mora og systera Sophie sin død, og faren sin øydeleggande depresjon kom til å prege livet hans alt frå barndommen av. Biograf Sue Prideaux fortel at Munch levde åtti urolege år, med psykiatriske problem, alkoholisme og isolasjon.

Munch forska på menneskesjela og forsøkte å omsetje ulike kjensler på lerret eller papir. Her tok han i bruk eksperimentelle teknikkar, noko målerikonservator Linn Solheim meiner gjer verka hans svært skjøre.

Munch levde som bohem i Kristiania, der han lo av dei levande døde borgarlege og mora seg saman med den anarkistiske forfattaren Hans Jæger, målaren Christian Krohg og dei frisinna kvinnene som sette fokus på ei moderne sjølvstendig kvinneskikkelse i samfunnet. Seinare budde han i Berlin der han vart ven med dramatikaren August Strindberg og vart forelska i magnetiske Dagny Juel. Han hadde også omgang med satanistar og legar som eksperimenterte med kokain.

Som MUNCHmuseet sin direktør Stein Olav Henrichsen forklarar, er kunstnarar alltid i opposisjon til si eiga tid, sjølv om vi no ser på dei som representative for ein bestemt periode.
Sjølv det komplekse forholdet han hadde til kvinner, kan ikkje berre forklarast med biografiske hendingar, som for eks. det stormfulle forholdet han hadde til Tulla Larsen, elskerinna som skaut Edvard under ein krangel fordi han nekta å gifte seg med ho. Ho var berre ein av "Vampyrene" som Munch møtte i løpet av livet sitt. For han smeltar likevel traumar og kunst, begjær og pine saman i ein intens refleksjon over kvinna: denne «havfrua» og gåtefulle «sfinksen», for å bruke kunstnaren sine ord.

I dokumentaren kjem også den innerste samanhengen til landskapa i nord og dei livlege fargane fram. Dei gir gjenklang i komposisjonane til Edvard Grieg, som heldt til i naturen på Troldhaugen i Bergen om somrane, og kunne attskapa kjensla av å vere heime, som pianist Leif Ove Andsnes viser oss.
Vi besøkjer Munch sine kjære stadar: frå skogen og stranda i Åsgårdstrand til Vågå, med fjellutsikta til faren sine forfedre; frå fiskarhuset i Warnermünde i Tyskland, til Ekely-eigedomen i Oslo, der kunstnaren budde dei siste tretti åra av livet sitt. Der kom han stadig attende til motiva for måleria sine, i ein slags tvungen repetisjon.
I dei siste sjølvportretta kan vi sjå tidleg 1900-talls historie, vibrasjonane av eteren som kom frå dei nye elektromagnetiske vitskaplege oppdagingane, og dei tvetydige kjærleiks-og-smerte-forholda han levde gjennom i heile sitt lange liv.
Men likevel – som kunsthistorikarane Elio Grazioli og Øivind Lorentz Storm Bjerke foreslår – i denne kontinuerlege repetisjonen, så vel som i dei visuelle eksperimenta gjennom film og fotografi, kan vi finne nøkkelen til å gå inn i Munch si tid. Det som star att er eit bod på frelse, ein slags openheit for ånder, for spøkelser som svevar rundt oss, «med lettare ubetydelege molekylar».
Austanfor for sola, vestanfor månen.

INTERVJU:
LEIF OVE ANDSNES, Pianist
GIULIA BARTRUM, kunsthistorikar
ØIVIND LORENTZ STORM BJERKE, Kunsthistorikar
ELIO GRAZIOLI, kunsthistorikar
STEIN OLAV HENRICHSEN, direktør MUNCH, Oslo
ERIK HÖÖK, direktør Strindbergsmuseet, Stockholm
IVER KLEIVE, Komponist
SIRI KVAL ØDEGÅRD, Sopran og entreprenør
CARL-JOHAN OLSSON, konservator 1800-tallets maleri Nationalmuseum, Stockholm
SUE PRIDEAUX, forfattar og biograf
FRODE SANDVIK, Kurator Kode, Bergen
LINN SOLHEIM, målerikonservator
JON-OVE STEIHAUG, Avdelingsleiar Utstilling og samling MUNCH, Oslo
GUNNHILD ØYEHAUG, Forfattar

 

 
 
Publisert
12. oktober 2022
Skrevet av