Noregspremiere 1. september - Margreth Olin kan diverre ikkje komme til Førde i kveld
Frå Margreth Olin, regissøren av m.a. Mannen fra Snåsa, Engelen og Barndom, kjem dokumentaren Fedrelandet, ei nær og spektakulær omfamning av vår første kjærleik: Naturen.
Med Olin sin 85 år gamle far som guide, opplever vi Norge sin mest eventyrlege dal, Oldedalen i Nordfjord. Her har han vokse opp, og her har generasjonar før han levd i balanse med naturen. Majestetiske bilete av ville fjell, kalvande brear og yrande dyreliv går side om side med foreldra sine fortellingar om generasjonane som trakka opp stiane, forholdet vi har til naturen og kva som er verdifullt i livet.
Musikken er komponert av unike lydopptak – naturen sine eigne melodiar, oversett og framført av London Contemporary Orchestra.
Med Fedrelandet har Margreth Olin laga sin mest storslagne film, og samstundes hennar mest personlege, med Wim Wenders og Liv Ullmann på laget som utøvande produsent.