Torsdag 3. november

Tidlegare Senterparti-leiar Liv Signe Navarsete opnar opp om store gjennomslag og bitre nederlag i biografien «Eg veit kva eg snakkar om!» Og om forholdet til Oslo-eliten og møta med maktarroganse og ufine mannfolk.

Før ho kom inn i rikspolitikken, hadde ho vore gjennom fødselspsykose, blitt enke og hatt eineansvar for eit småbruk. Men om bagasjen var tung, inneheldt han også verdiar Navarsete visste kor viktig det var å slåst for. Og slåst, det har ho gjort.
 
Møt Liv Signe i samtale med biograf Jens Kihl på Bibliotekscena i Førdehuset torsdag 3. november kl 19. 
 
Signering av boka etter samtalen. Programmet er i samarbeid med Rom for ord. 

 
 
 
 
Publisert
01. juni 2022
Skrevet av