UKM lokalmønstring

UKM Lokal Sunnfjord

UKM – Ung Kultur Møtast, Lokalmønstring for Sunnfjord blei avvikla fredag4. mars i Førdehuset. Eit stort takk til alle ungdommar som deltok, og alle i publikum. I år hadde vi rekord mange deltakarar som var fordelte over 17 sceneinnslag med 48  deltakarar og 46 kunstinnslag fordelt på 24 kunstnarar. Kunstutstillinga blei opna av ordføraren vår Jenny Følling. I tillegg deltok 18 elevar frå Produksjon for scene, f 8. trinn ved Førde ungdomsskule som unge arrangørar ved lokalmønstringa. Vi arrangerte i år og Lan i saman med elevar med e-sport linja ved Sunnfjord Folkehøgskule og her var det 43 deltakarar frå fredag til laurdag kl. 09.00.  Det var ein super kveld med masse liv, røre og godt humør hos alle deltakarane, det var kjekt å endeleg kunne samle så mange ilag.

Fagpanelet er todelt, eit for Scene og eit for Utstilling og har bestått av:

På scene:  Terje Lyngstad (leiar ), Sigrid Felde, Andrine Faleide, Roger Pettersen
På utstilling:  Gregory Idehen og Astrid Wittersø.

Fagpanelet har bestemt at følgjande innslag skal representere Sunnfjord på UKM festivalen for Vestland i Måløy

Kunst:

  • Eirin Støfringsdal «Klar ferdig gå»
  • Oscar Fink «Lonely»
  • Ingeborg Ullebø «Visne blomar»
  • Nikolai Lund «Graffitiger»
  • Mia Huus Fjellestad «Byste»
  • Miriam Heimtun «Rose milk»
  • Sara Båtevik “På utikk”
  • Victoria Maria Santistevan “Ein siste redning”

 

Scene:

  • Amanda og Håvard
  • Rakel Myklebust
  • Sunnfjord Taekwondo klubb
  • Panorama
  • Pust CO2
Publisert
05. mars 2022
Skrevet av