Gratis konferanse om mental helse – av unge for unge.
Røde Kors Ungdom i Sogn og Fjordane inviterer til ein kveld der ungdom og unge får fokus. Vi snakkar ope og ærleg om mental helse. Ingen masker, ingen filter – berre ekte samtalar. Velkomen til Storsalen i Førdehuset 3. oktober kl. 18-21.
På programmet er mellom anna sjølvutviklingsinfluensar Elias Omberg, som er kjent frå Tiktok. Han vil snakke om eige ansvar og korleis komme seg vidare når ting er vanskeleg. Klinisk sosionom i barne- og ungdomspsykiatri, Inge Nordhaug vil gje råd knytt til korleis ein kan takle usunn psykisk helse, nestleiar i Mental helse ungdom, Vebjørn Leite Olsen vil snakke om korleis usunn psykisk helse er eit samfunnsproblem og prosjektleiar i Norges Røde Kors Eline Garberg vil fortelje om Røde Kors sin innsats for å redusere einsemd og utanforskap hos unge.
Det vert sofaprat med fleire unge stemmer og tankevekkande innlegg, samt kulturelt innslag med dansegruppa Adrenalin, Dans utan grenser Førde og artist og frivillig i Røde Kors, Jostein Vedvik.
Arrangementet er gratis og ALLE er velkomne til å lytte til ærlege og ufiltrerte samtaler. For unge, med unge – men også for foreldre og dei som jobbar med unge eller er opptatt av unge sin kvardag og trivsel.