Jazzkveld med John Pål Inderberg Trio og Baker Hansen

Om arrangementet

Torsdag 9. februar inviterer vi til Jazzkveld i Festsalen. Dørene opnar kl. 19.00

Det vert småbord og servering, og vi har nokre av våre fremste utøvarar på plass:

John Pål Inderberg Trio og Baker Hansen

Baker Hansen består av Sigurd Rotvik Tunestveit (vokal og gjendikting), Tomas Husmo Litleskare (trompet),Kjetil Jerve (piano), Stian Andreas Andersen (kontrabass), Tore Flatjord (tromme)

Baker Hansen har sida 2010 laga sine eigne musikalske forteljingar, basert på musikken som Chet Baker spelte. Historiane er tidlause og velkjente, men teksten er omarbeidd til norsk og framført på dialekt av vokalist Sigurd Rotvik Tunestveit frå Ål i Hallingdal. På vårt eige mål kjem musikken og innhaldet brått nærare på oss - og konsertane vert ei øyreopnande oppleving som publikum på godt over 200 konserter i Noreg og Sverige kan fortelje om. Dei har dei seinare år inngått eit samarbeid med saxnestor John Pål Inderberg. Baker Hansen har gjeve ut tre album med Chet på norsk, Ei som deg (2014), Gamle Daga (2016). og Live i Oslo med John Pål Inderberg (2019).

John Pål Inderberg Trio består av John Pål Inderberg (b.sax), Håkon Mjåset Johansen (trommer) og Trygve Waldemar Fiske (kontrabass). Med sans for eit musikalsk spontant uttrykk reindyrkar dei gamle låtar, nokon gonger med nye linjer, andre gonger med gamle vers, og ofte med alt i eit drag. Folkemusikken får meir og meir plass i repertoaret og trioen har som mål å presentere cooljazz og folkemusikk om kvarandre, forankra i eit sterkt akustisk sound og improvisasjon av høg kunstnarisk kvalitet.

70-årsjubilanten John Pål Inderberg har for lengst satt sine klare spor i den norske jazzen. Med sans for et musikalsk spontant uttrykk har han turnert i ei årrekke og gleda publikum med leiken musikalitet og mye humor. Inderberg er meir aktiv enn nokon gang, høsta strålande kritikkar for plata Radio Inderberg, internasjonalt og nasjonalt. I trio med Håkon Mjåset Johansen og Trygve Waldemar Fiske reindyrkar de gamle låtar, nokon gangar med nye linjer, andre gonger med gamle vers, og ofte med alt i eit drag. Trioen har heldt høg aktivitet sidan 2016 og slapp nettopp sitt 2. album, Radio Inderberg

Meldingar: 

John Pål Inderberg Trio – Radio Inderberg 

Arild Anderssen, Jazzinorge.no: ”Modenhetens stillferdige triumf.”

”De tre forvalter en skarp varsomhet som berører, og de to yngste viser seg som nære venner av den gamle jazzens vesen. Det låter ujålete, ærlig, tilbakelent og stringent”. «Radio Inderberg» oppleves som en samtale uten datostempel. Musikken kommer langveisfra, men byr på en nærhet man ikke tar feil av.” –

Lars Mossefinn, Dag og Tid: 
”John Pål Inderberg har framleis nytt å melda.” 

Espen Løkeland-Stai, Dagsavisen 
”Trioen har et bein planta på hver side av Atlanteren, med et ønske om å forene nordiske folketoner og afroamerikansk jazz. Det er vellykket.»