Belle

Om filmen

Originaltittel: Belle

Premiere: 2022-06-17

Varighet: 2t 1min

Sjanger: Animasjon

Aldersgrense: 9

Originalspråk: Japansk

Regissør: Mamoru Hosoda

Bli med på ei ny og magisk reise til Mamoru Hosoda sitt altoppslukande anime-univers!

17 år gamle Suzu går på vidaregåande og bur heime saman med faren i ein liten landsby. Ho er einsam og har alltid kjent på at ho ikkje passar inn, så i fleire år har ho berre vore ein skugge av seg sjølv. Ein dag oppdagar ho den virtuelle verda “U”. Ei online-verd med over 5 milliardar brukarar. Her er ho ikkje Suzu lenger, men BELLE, ein verdskjend songar med over 200 millionar følgjarar! Det fører til eit krevjande dobbeltliv for den sjenerte Suzu, og snart tek det heile ei uventa vending når den vakre Belle møter på det avskrekkande udyret; den mystiske og fascinerande Dragen. Ein skapning som lenge har skapt frykt og uro inne i “U”. Men kven er han, eigentleg? Suzu legg ut på ei reise for å avdekkje identiteten til Dragen. Ei reise som vil vise seg å bli mykje større og viktigare enn kva ho hadde tenkt. Saman med Dragen vil ho straks oppdage nye sider av seg sjølv, og kome eit steg nærare sin eigen sanne identitet, og eit steg nærare å vere fri. BELLE tek oss med inn i eit magisk og altoppslukande univers, og skildrar korleis vennskap, kjærleik og det å høyre til på tvers av dei verdene me lever og kommuniserer i. Den verkelege og den virtuelle. BELLE har fått fantastiske kritikkar og trollbunde kritikarar og publikum verda over.