Denne nettstaden brukar informasjonskapslar, og ved å halde fram på nettstaden aksepterer du dette
Det er ok!

Digitale tenester på biblioteket

Korleis kan eg låne e-bøker i eBokBib?

  1. Last ned appen eBokBib på nettbrettet ditt. Appen finst både på iOS  og for Android.
  2. Logg inn med lånernummer og pinkoden din. Lån bøker! 

 

Pressreader - ein app/nettside som gir deg tilgang til tusenvis av aviser og tidsskrift frå heile verda.

  1. Kople til biblioteket sitt wi-fi-nettverk. Søk og last ned Pressreader-appen der du vanlegvis lastar ned appar.
  2. Start appen medan du er i biblioteket, og du vil automatiskbli kopla til biblioteket sitt «HotSpot» (knytepunkt). Då har du fri tilgang til Pressreader medan du er i biblioteket og i 7 dagar etterpå

No kan du lese aviser og tidsskrift medan du er pålogga, og du kan laste ned inntil 5 publikasjonar per dag for seinare lesing.

 

 

Få full kontroll på låna dine med appen Bibliofil!  Du kan sjå kva du har lånt, kva innleveringsfristen er, du kan fornye låna dine sjølv og reservere bøker. Du kan òg vise lånekortet på skjermen, slik at du slepp å ha med deg det fysiske lånekortet på biblioteket. Lånekortet i appen kan brukast både i skranken og på sjølvbeteningsautomaten på biblioteket.