Nesten tilbake til "normalen"

Kvardagen på biblioteket byrjar å normalisere seg, sjølv om det framleis er viktig å halde avstand og vaske hender eller bruke handsprit før og etter besøk hos oss! Du kan no t.d. lese aviser og levere bøker i innleveringsautomaten. Bøkene står ikkje lenger i karantene ved innlevering og vil forsvinne frå lånekortet ditt med ein gong! Lån av bøker frå andre bibliotek rundt om i landet byrjar også å verte enklare etterkvart. 

 

Vi minner likevel om at du enkelt kan reservere bøker heimanfrå, enten via Bibliofil-appen eller "Mi side - logg inn" på nettsida vår. Når du kjem på biblioteket er det viktig å ta med lånekort og bruke utlånsautomaten om du kan! 

 

Opningstidene våre er:

Måndag - torsdag: 10-17

Fredag: 10-15

Laurdag: 10-15

 

Om du ynskjer lesesalsplass må du reservere dette i skranken på biblioteket.