De åtte fjellene

Om filmen

Originaltittel: Le otto montagne

Premiere: 2023-02-10

Varighet: 2t 27min

Sjanger: Drama

Aldersgrense: 6 (Ungdom/Vaksne)

Originalspråk: Italiensk

Regissør: Felix van Groeningen, Charlotte Vandermeersch

Pietro er ein stille og sky bygut, mens Bruno veks opp i ein fjellandsby i Alpane. Dit finn Pietro og foreldra hans vegen kvar sommar, og dei to gutane dannar eit heilt spesielt vennskap. Eit vennskap med få ord, med stor omsorg for kvarandre i pakt med naturen. Pietro og Bruno blir ungdommar, og sidan vaksne, og fjella er det som formar dei, som held dei saman - og riv dei frå kvarandre. DE ÅTTE FJELLENE er ein film om meininga med livet, eit livslangt vennskap og det sterke bandet dei har til naturen og fjella. Om at det er mogeleg å leite og finne sin plass i verda. Ei forteljing om ein person som er tilfreds med dei enkle tinga i livet og som har funne oppskrifta på lykke. Basert på boka med same namn av Paolo Cognetti