EI ØY - i ei anna tid

Om filmen

Tittel: EI ØY - i ei anna tid

Varighet: 1t 16min

Sjanger: Dokumentar

Aldersgrense: A

Regissør: Frode Fimland

Gjennom eit 16mm-kamera fangar politimann Erling Brekke utviklinga i eit lite samfunn på 1950- og 60-talet. Han dokumenterte framveksten av det sosialdemokratiske Noreg - industriutbygging, husbygging og kulturliv. Brekke observerte korleis samfunnet gradvis endra seg, og utvikla eit engasjement for å bevare det for ettertida. Han lèt etter seg ein filmskatt av historisk materiale som handlar om eit heilt land i endring.

Dokumentarfilmskapar Frode Fimland har gjennom mange år regissert og sett sitt preg på filmar som har blitt store publikumssuksessar. Det starta med filmen «Søsken til evig tid». So kom «Søsken til evig tid - Amerikareisa», «Vildmarkens søn», «Bergen i all beskjedenhet» og «John - den siste norske cowboy» (Amanda-nominert i 2022) Fimland har vunne prisar og fått anerkjenning for sitt arbeid, både i Noreg og i utlandet. I «EI ØY - i ei anna tid» held Fimland fram med å skape intime portrett av menneske og stadar med kjensler og nærleik til ei tid som ikkje lenger finst.