Opera Nordfjord - Festkonsert

Om arrangementet

Opera Nordfjord med Festkonsertturné i mars
No når Michael Pavelich skal takke for seg og pensjonere seg etter snart 26 år som musikalsk leiar i Opera Nordfjord, gjer han det like godt tre gongar, når Opera Nordfjord innbyr til Festkonsert i Førde og på Nordfjordeid 14. - 16. mars. Han avsluttar karrieren i operahuset på sin eigen 70-årsdag.

Hovudsolisten er sopranen Eli Kristin Hanssveen, som har gjesta Opera Nordfjord med hovudroller både i Mannen frå la Mancha og i Jorden rundt på 80 dager. Ho er kjend som ein svært fleksibel songar, som meistrar alle stilar, frå pop og musikal til operette og opera. Til dagleg er ho fast tilsett som solist ved Den Norske Opera & Ballett. Sist vi såg henne på TV_skjermen var som deltakar i årets norske Melodi Grand Prix. Vi får høyre Eli Kristin mellom anna i i filmmusikk frå Once Upon a Time in The West, The Girl in 14 G, Vissi d’Arte frå operaen Tosca, Depuis le jour frå operaen Louisa Miller, i og i duett med Alexander Pavelich i The Prayer.

Eit stort, samansett operakor på om lag 70 songarar får eit spennande korrepertoar å bryne seg på, frå Påskekoret i Cavalleria Rusticana til Shenandoah og det kjende Slavekoret frå operaen Nebukadnesar. The Battle Hymn of the Republic vert nok eit av høgdepunkta når både kor og orkester dreg til på finalenummeret. Også Michael sjølv skal til pers som solist på Ya got Trouble frå musikalen The Music Man.
Orkesteret på 50 profesjonelle musikarar i talet, skal òg få glitre åleine, mellom anna i utdrag frå Star-Wars Suite og kjend teiknefilmmusikk frå Tom & Jerry. Det vert elles utdrag frå musikalane Les Misérables, West Side Story og The Scarlet Pimpernel. Så breidde, show og fest er nok dekkjande stikkord for denne konsertturnéen, som garantert vil ha noko for ein kvar smak! I tillegg vert også borna Alexander, Simon og Martha med som gjestesolistar.

Velkommen til vakker, spennande og rørande musikk - og mykje  moro -  i Førdehuset torsdag 14. mars, Flora Kulturhus fredag 15. mars og Operahuset Nordfjord 16. mars. Konferansier er Michael Pavelich.

Middag og konsert
Nyt ein to-rettar på PIkant før konserten. Det består av ein hovudrett og dessert. Ved allergi, diett eller spørsmål ta kontakt med Pikant på 90684010

Bruk billettkategorien: middag og konsert så har du billett til både middag og konsert