VAMP
Billettar
Om arrangementet
I godt og vel tre tiår har dei levert. Hundrevis av songar om det å være menneske. Om kjærleik og sorg, myter og skrømt, ærlegdom og svik, døden og livet. Og havet.
Vamp høyrer til eliten av norsk musikkliv. Dei har utvikla eit spesielt uttrykk i møtet mellom musikk og lyrikk som har råka den norske folkesjela.
Dei har oppnådd massevis av heder og ære, bl.a 5 Spellemannspriser,Prøysenprisen og Medaasprisen . Dei har gitt ut 18 album og selt over ein million plater.
Deira siste utgjeving «Tiå det tar « fekk gjennomgåande strålande kritikkar og høge terningkast frå meldarane og nokon meinte at dette er Vamps beste utgjeving så langt,
Katalogen er full av kjende og kjære songar som dei øser av på konsertane sine.
Tapas før konserten
Denne kvelden serverar Pikant tapas før konserten. Rettane vert plassert midt på bordet og pasar fint å dele. Til slutt blir det ein søt avslutning. Ved allergi eller diett, ta konakt med Pikant. Bruk billettkategorien: Tapas og konsert. Begrensa tal billettar.