Fedrelandet
Om filmen
Originaltittel: Fedrelandet
Premiere: 2023-09-01
Varighet: 1t 30min
Sjanger: Dokumentar
Aldersgrense: A
Originalspråk: Norsk
Regissør: Margreth Olin
Frå Margreth Olin, regissøren av m.a. Mannen fra Snåsa, Engelen og Barndom, kjem dokumentaren Fedrelandet, ei nær og spektakulær omfamning av vår første kjærleik: Naturen.
Med Olin sin 85 år gamle far som guide, opplever me den mest eventyrlege dalen i Noreg, Oldedalen i Nordfjord. Her har han vakse opp, og her har generasjonar før han levd i balanse med naturen. Majestetiske bilete av ville fjell, kalvande brear og yrande dyreliv går side om side med foreldra sine forteljingar om generasjonane som trakka opp stigane, tilhøvet me har til naturen og kva som er verdifullt i livet. Musikken er komponert av unike lydopptak – naturen sine eigne melodiar, omsett og framført av London Contemporary Orchestra. Med Fedrelandet har Margreth Olin laga sin mest storslagne film, og samstundes hennar mest personlege, med Wim Wenders og Liv Ullmann på laget som utøvande produsent.